Båt mellom Bergen og Nordhordland

Reis køfritt mellom Knarvik/Frekhaug og Bergen på under 30 min. Om bord kan du jobbe, surfe, sove eller ta deg ein kopp kaffe. Båten legg til på Strandkaiterminalen og overgang til buss og bybane er like rundt hjørnet.

Båten køyrer i vekedagar i rushtida og det køyrer buss mellom Knarvik skysstasjon og Knarvik kai som korresponderer med båten (skilta 320 Knarvik kai eller Knarvik skysstasjon). På Frekhaug køyrer bussane til Frekhaug terminal. Båten vil ikkje køyre i helg og høgtidsdagar, og heller ikkje i sommer i veke 27-31 (4. juli t.o.m. 5. august). Det er plass til syklar om bord i båten (kostar det same som for barn). Du kan òg parkere kostnadsfritt på kaia på Knarvik og Frekhaug (begrensa tal plassar). 

Rutetider for båt

Du kan nytte Skysskortet og billettar kjøper du om bord på båten. Du kan nytte bankkort. I tillegg er det trådlaust nett om bord og tilgang til stikkontaktar.

Du kan kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar for båt eller kombinert for buss og båt. Du kan til dømes kombinere billetten for buss frå stader i Nordhordland med båt frå Knarvik eller Frekhaug, pluss eventuelt buss i Bergen. Velger du kombinert billett for båt og buss i Bergen, kan du fritt velge om du vil ta båten Knarvik/Frekhaug – Bergen eller ta bussen via Åsane.

Billettar for båt

Prisar for båt