Velkomen til Skolequiz

Er du lærar i grunnskulen eller på vidaregåande skule?

La klassen din gjennomføre ein lærerik quiz som aukar elevane sin forståing for trafikktryggleik og gjer elevane til tryggare trafikantar!

Vi har laga ein quiz for Bybanen, og ein annan quiz for reiser med buss.

Bybane-quizen passar for alle alderstrinn, medan bussquizen passar best for elevar opp til 8. trinn.

Quizen inneheld fem-sju korte filmar med spørsmål og svar, og elevane kan løyse quizen individuelt eller i grupper. Klassen vil bruke om lag 20-25 minutt på heile quizen.

Alle klassar som deltek, blir med i trekninga av kinobillettar eller nødladarar til heile klassen! Vi trekk vinnarar to gonger kvart skuleår, i juni og i desember.

Lykke til!

Logg inn for bybanequiz

Logg inn for bussquiz