Personvern

Vilkår som gjeld frå 2. juli 2012

Lagring og bruk av personopplysningar skjer berre dersom du har eit registrert Skysskort. Har du eit uregistrert (anonymt) Skysskort, vil det ikkje bli gitt refusjon/erstatning.

Grunnleggjande krav til behandlinga av personopplysningar
Hordaland fylkeskommune, Skyss har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine (behandlingsansvarleg).

Opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova med forskrifter, og bransjenorma for personvern og informasjonssikkerheit i elektronisk billettering.

Reglane gir deg som har registrert kortet ditt ei rekkje rettar. Dei viktigaste av desse rettane er skildra under. Reglane set som krav at du gir samtykke til innsamling av personopplysningar på same tid som opplysningar om deg blir samla inn.

Det er frivillig å bruke registrert elektronisk reisekort og å gi dei opplysningane som er nødvendige for å bruke kortet. Dersom du ikkje ønskjer at vi skal behandle personopplysningar om deg, kan du i staden velje eit uregistrert (anonymt) Skysskort. Du kan leggje inn dei same billettypane på eit uregistrert (anonymt) kort som på eit registrert kort, og billetten skal ikkje koste noko ekstra, men det vil ikkje bli gitt refusjonar på uregistrerte kort.

Les meir om billettane våre.

Føremålet med behandling av personopplysningar i Skyss

Føremålet med behandling av personopplysningar er å ta hand om avtaleforholdet. Dette inneber at vi skal kunne belaste deg for riktig pris i forhold til bruken, skrive ut ulike billettar, erstatte eventuelle billettar på tapte registrerte kort, og gjennomføre eventuelle refusjonskrav.

Personopplysningar som blir behandla og lagringstid
Grunnopplysningar som namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse blir henta inn frå deg som vel registrert Skysskort og lagra.

I Skysskorta lagrar vi kva for billettype og kva for ein gyldigheitsperiode som ligg på kortet (periodebillettar, enkeltbillettar eller reisepengar), og betalingshistorikken. Skyss vil óg lagre opplysningar om reisehistorikk som blir generert når Skysskortet blir brukt. Det blir lagra reisehistorikk for alle reiser som er gjort dei siste 104 dagane, og historikken inneheld opplysningar om kva for ein stoppestad du gjekk på bussen på, dato og tidspunkt, kortnummer og kva for billettype og pris du reiste med på den aktuelle reisa. Etter 104 dagar vert opplysningane gjort anonyme ved at koplinga mellom det registerte Skysskortet og personopplysningane blir fjerna. Har du eit uregistert Skysskort, er dette allereie anonymt.

Utlevering av personopplysningar
Skyss leverer ikkje ut personopplysningar til andre enn den registrerte sjølv. Offentlege styresmakter kan få innsyn i opplysningane, jf. vilkåra i personopplysningslova § 8. Anonym reiseinformasjon kan bli brukt til statistiske føremål, og kan dermed leverast ut til andre.

Sikkerheit, tilgang og lagring av personopplysningar
Skyss følgjer krava i personopplysningsforskrifta kapittel 2 – informasjonssikkerheit og Bransjenorm for personvern og informasjonssikkerheit i elektronisk billettering av 15.12.2011.

Tilgangen til reiseopplysningar og kundeopplysningar er avgrensa. Skyss kan bruke reiseopplysningar saman med kundeopplysningar dersom dette blir utløyst av din bruk av reisekortet, vanlegvis ved ein reklamasjon eller annan førespurnad frå di side.

Skyss vil ikkje bruke reiseopplysningar saman med kundeopplysningar for å produsere statistikk eller ved avrekning med samarbeidande selskap, og normalt heller ikkje ved feilsøking.

Retten til innsyn og endring i eigne personopplysningar
Etter personopplysningslova § 18 har du rett til å be om innsyn i dei opplysningane som er registrerte om deg. Dersom dei ikkje skulle vere korrekte, er ufullstendige eller irrelevante, kan du når som helst få dei retta, supplerte eller sletta.

Dersom du ønskjer å få innsyn i dei opplysningane som er lagra om deg, kan du ta kontakt med Skyss. Ansvarleg for behandling er Hordaland fylkeskommune, Skyss. Skjema under sendast til Skyss, Postboks 7900, 5020 Bergen. Skyss vil svare skriftleg innan 30 dagar.

Skjema for innsyn i personopplysningar

Informasjonskapsler og cookies