Om Skyss

Skyss vart oppretta i november 2007 og organiserer nesten all kollektivtransport i fylket, etter dei budsjett som politikarane vedtek. Skyss har ansvar for å setje i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Hordaland. Skyss skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket.

Skyss er organisert som ei eining under Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Sjå organisasjonskart Hordaland Fylkeskommune

Skyss tildeler kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer i Hordaland til trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss planlegg rutene, måler kvaliteten i tilbodet og følgjer opp trafikkselskapa. Informasjon om og marknadsføring av buss og bybane er Skyss sitt ansvar. Skyss har også dette ansvaret for båtrutene Kleppestø - Strandkaien, Nordhordland - Bergen, Sunnhordland - Austevoll - Bergen og lokalbåt Austevoll. For andre båtruter og alle ferjesambanda er informasjon og marknadsføring den einskilde operatøren sitt ansvar.

Skyss sitt kundesenter og telefon 177 tek imot og følgjer opp kundane sine førespurnader om ruter og trafikktilbod.

Kontakt oss


Kundepanel

Bli med i vårt kundepanel!


Les meir om anboda, økonomiske rammer og universell utforming her:

Om buss

Om Bybanen

Om snøggbåt og lokalbåt

Om ferje

Om økonomiske rammer

Om universell utforming


Skyss er sertifisert som miljøfyrtårn, og tek del i Hordaland fylkeskommune sitt arbeid for å redusere klimagassutsleppa.

Les meir om miljøarbeidet i Hordaland fylkeskommune her

For meir informasjon om Hordaland fylkeskommune, sjå www.hordaland.no