Travel like the locals

«Travel like the locals» eller «Reis som dei lokale» gjer det både enklare og billigare å oppleve den flotte vestlandsnaturen.

Drøymer du om ei båttur i fjordane eller ei kjøretur nedover fjella, men veit ikkje korleis du enkelt kan få det til?

«Travel like the locals», eller «Reis som dei lokale», tilbyr ruter som nyttar dei kollektive transportløysningane. I motsetning til den vanlege reiseplanleggaren til Skyss er ikkje målet å finne raskaste veg, men å gi tilbod om ein opplevingsrik rundtur.

Kor går turen?

Kanskje ynskjer du øyhopping i ytre Hardangerfjord, med start i vakre Rosendal? Eller ein ettermiddagstur frå Eidfjord til Ulvik? Kva med ein rundtur i Folgefonna nasjonalpark? Det finnes mange alternativ. Rutene i Hordaland har førebels avreise frå Odda, Rosendal, Eidfjord, Voss eller Leirvik.

Her reiser du utan turleiar eller guide som viser deg vegen. Du reiser på eiga hand, slik som dei lokale! De fleste rutene bytter mellom ulike bussar og båtar og det er berekna god tid til å bytte transportmiddel. Du treng derfor ikkje bekymra deg for å miste neste buss eller båt, om ruta krevjar at du må bytte på vegen.

Enklare

I tillegg til å gjere det enklare for turistar å reise kollektivt, vil dette konseptet kunne bidra til å få fleire reisande på buss- og båtruter som ikkje har så stort belegg, og dermed bidra til å oppretthalde kollektivtilbodet i distrikta.
Dei som reiser på eiga hand får ein betre moglegheit til å oppleve Vestlandet med kollektivtransport. 

Samarbeid mellom tre fylkar

«Reis som de lokale» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa Kringom, Skyss, Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei tre fylka. Et fjerde fylke, Møre og Romsdal, var først ute med konseptet. I 2016 starta dei å tilby pakkereiser i ei kollektiv innpakning med turistar som målgruppe. Det er dette som er brukt som mal for dei tre andre fylka. Hausten 2018 blei saka tatt opp i Vestlandsrådet, som førte til at dei andre vestlandsfylka også danna eit samarbeid om å tilby denne typen reiser.

Her finn du link til informasjon og bookingsida.

God reise!

Videoen over viser litt av det du kan oppleve på Vestlandet.