Skysskortet – no òg i nettbutikken

Skysskortet er reisekortet for deg som reiser i området Hordaland. Det gjeld på alle våre bussar og båtar, og på Bybanen i Bergen.

Skysskortet får ein ny funksjon på grunn av at utstyret om bord i bussane blir bytt ut, og då vil du ikkje lenger kunne bruke Skysskortet hos sjåføren. 

Vil du framleis bruke Skysskort, er det nettbutikken du nyttar for å kjøpe nye billettar.  

Kva gjer eg dersom eg har reisepengar eller billett på Skysskortet? 

  • Periodebillett: Dersom du har ein gyldig periodebillett på Skysskortet, kan du berre reise som vanleg ut perioden.  
  • Reisepengar: Har du reisepengar på Skysskortet, vil du ikkje kunne bruke dette på bussane meir. I ein overgangsfase kan reisepengar framleis nyttast til å kjøpe billett på billettautomat på haldeplass eller om bord i Bybanen. 
    Er ikkje dette aktuelt for deg, og du framleis har reisepengar på Skysskortet, kan du her be om refusjon

NB: Det er for tida stor pågang og mange henvendelser knytta til refusjon, dermed vil behandlingstid og utbetalingstid ta ein del lenger tid enn normalt. Vi ber om forståing for dette. Vi anbefaler refusjon av reisepengar i mobilappen, dette vil gå raskare.

BESTILL SKYSSKORT HER

 
Bruk Skysskortet i nettbutikken 

  1. Opprett ein konto i nettbutikken, og registrer Skysskortet ditt der. 
  2.  Kjøp billetten du vil ha i nettbutikken. Hugs å ha med deg Skysskortet når du reiser.
  3.  Ved billettkontroll viser du Skysskortet og eventuell dokumentasjon ved krav på rabatt (t.d. studentbevis). Skysskortet er knytt til kontoen din i nettbutikken, og kontrollørane kan på den måten sjekke Skysskortet for gyldig billett. Du treng ikkje vise Skysskortet eller lese av kortet hos sjåføren.

Les meir om nettbutikken her

 

Mista Skysskortet

Dersom du mistar Skysskortet, gjer du følgande:

  1. Gå til nettbutikken og slett Skysskortet.
  2. Bestill eit nytt Skysskort på skyss.no og registrerer det i nettbutikken. Då kan du bruke det nye Skysskortet på lik linje som det førre. I påvente av nytt Skysskort må du ha med kvittering frå nettbutikken for å kunne reise dersom du har gyldige billettar i nettbutikken.  

Du kan berre ha eitt Skysskort registrert på deg i nettbutikken. Men du kan òg ha Skysskort registrert på underbrukarar på din konto, til dømes til born eller andre familiemedlemmer. 

NB: Nettbutikken og Skyss Billett-appen er to forskjellige system, så billettar og verdi i Skyss Billett-appen er ikkje tilgjengeleg i nettbutikken, og motsett.