Nyheit: Nettbutikk for kjøp av billettar

Kom i gang med nettbutikken.

Skyss lanserer ein splitter ny nettbutikk for kjøp av alle typar billettar. No kan du sjølv velje starttidspunkt for billetten din og reise med Skysskortet.

Når du kjøper enkeltbillett, kan du velje om det er Skysskort, mobiltelefon eller ein kode du skal ha med deg om bord i buss, båt eller bane. Dette vil vere ditt bevis på kjøpt billett.

For å kjøpe periodebillettar (7-, 30- og 180-dagars) og ungdomsbillett treng ein eit Skysskort. Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein i tillegg få tilsendt på SMS eller e-post eller ein kan skrive ut billetten.

I nettbutikken kan du også kjøpe billett til andre personar, til for eksempel barn eller familiemedlemmer, og «sende» billetten til vedkomande sin telefon eller gi dei billettkoden.

Alle billettypar, enkeltbillettar og periodebillettar, samt kombinasjonsbillettar båt/buss er å få kjøpt i nettbutikken. Det einaste du ikkje kan skaffe deg gjennom nettbutikken, er parkeringsoblat til innfartsparkeringane. > Sjå her kva du må gjere dersom dette gjeld deg

Har du allereie Skysskort og vil framleis bruke det i nettbutikken, kan du registrere Skysskortet ditt i løysinga. Merk at du vil ikkje sjå «dine gamle billettar eller reisepengar» på Skysskortet i nettbutikken, då dette er to heilt åtskilde løysingar.

Den «gamle» løysinga for Skysskortet vil gradvis bli fasa ut – les meir om det her

Logg inn i nettbutikken her

Ta ein kikk på nettbutikken