AutoPASS for ferje

Frå 1. januar 2020 vil alle ferjesambanda våre nytte AutoPASS-regulativ og brikkebetaling. Dette fører med seg nye prisar for køyretøy, og alle gåande, syklande og passasjerar i bil og buss reiser gratis. 

For å få rabatt, gjer du følgjande:

  1. Skaff deg ei AutoPASS-brikke hos eit bompengeselskap - www.autopass.no 
  2. Teikn ein "AutoPASS for ferje"-avtale - www.autopassferje.no
  3. Knyt AutoPASS-brikka til ferjeavtalen (dersom dette ikkje allereie er gjort) - www.autopassferje.no

AutoPASS-rabattordningar og prisar

Nye prisar frå 1. januar 2020 vert endeleg beslutta i fylkestinget for Vestland i slutten av desember. Så snart prisane er klare, finn du dei her:

Prisar for ferje frå 1. januar 2020

El-bil (nullutsleppskøyretøy) har eigne prisar tilsvarande halv pris. Dersom du har AutoPASS-brikke i bilen og ikkje ferjeavtale, får du 10 % rabatt på køyretøyet. Med AutoPASS-brikke og ferjeavtale (med forskotsbetaling) får du 50 % rabatt på køyretøyet (40 % rabatt for firmakunder). Det vil framleis vere mogleg å kjøpe ferjebillett med bankkort/kontant om bord (utan rabatt).

For fleire detaljar knytt til AutoPASS-regulativet, sjå Statens vegvesen sine nettsider

"AutoPASS for ferje"

Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» har erstatta den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort på ferje. «AutoPASS for ferje» er ein nasjonal konto (med forskotsbetaling) som er knytta til både AutoPASS-ferjekort og AutoPASS-brikke. Det er opp til kvart enkelt fylke å bestemma kva for betalingsløysing ein ønskjer på ferjene. For Hordaland er det politisk beslutta å nytte AutoPASS-brikkebetaling. AutoPASS-ferjekort kan framleis nyttast på samband utanfor Hordaland, som nyttar dette som betalingsløysing.

 

Spørsmål og svar om AutoPASS og ferje  

Kva betyr dette?
Du betalar for bilen med AutoPASS-brikka di. Du må ha med brikka i bilen. Passasjerar er gratis. Du kan framleis betale med bankkort eller kontant, men då får du ingen rabatt. 

Er det same brikka i bilen som eg bruker ellers til bompenger?
Ja, det er det. Og hugs at brikka må vere med i bilen.

Har ikkje brikke/brikka fungerer ikkje?

For meir informasjon om AutoPASS-brikke, sjå www.autopass.no

 

Har du allereie eit AutoPASS-ferjekort?

Då har du også ein AutoPASS-ferjeavtale. Du må knytte AutoPASS-brikka til avtalen din for å få rabatt. Sjå www.autopassferje.no

 

Korleis inngå AutoPASS-ferjeavtale?

Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand (frå NOK 3 600).

 

Kva skjer om eg har med tilhengar?
Du registrerar bil på vanleg måte når du inngår avtale. Er bil pluss hengar så lang at du går opp i ny prisklasse, vert du belasta for det, men mister ikkje rabatt.

Kva med MC?
MC betalar fullpris med kontantar eller bankkort. Det er ikkje moleg med AutoPASS-brikke for MC og dermed er det ikkje mogleg å oppnå rabatt for MC. Det er ein eigen pris for MC som er sett noko ned samanlikna med Riksregulativ for ferjetakstar.

Eg har allereie kjøpt periodebillett på buss med ferja inkludert. Korleis får eg pengane att?
Ta kontakt med Skyss kundesenter, så blir det ordna.

Kven har bestemt prisane?
Statens vegvesen har berekna prisane i samband med overgangen og prisane er fastsette gjennom Autopass-regulativet. Det er deretter opp til kvart enkelt fylke å fastsetje endeleg pris per ferjesamband. Dette vert gjort i fylkestinget for Vestland i slutten av desember.

Kva med bedrift?
Det er same krav som for privatpersonar, men forskudd blir betalt per køyretøy. Firmakundar får 40 % rabatt og ein kan knytte så mange køyretøy ein vil opp mot same avtale. Gjennom autopassferje.no - min konto, kan bedrifta hente ut fakturagrunnlag med meir. 

Korleis kjøpar eg billett til buss?
Du gjer det på vanleg måte, i app, billettautomat eller hos sjåfør for dei sonene du skal reise i. Men du betaler ikkje lenger noko for ferja. 

Kva med sykkel?
Sykkel er gratis på ferja.