Favoritt - den mest brukte reisa di

Favoritt er den mest brukte reisa di som du kan registrere på Skysskortet ditt. For å kunne nytte Favoritt, må du å ha pengar på Skysskortet. Med Favoritt kan du nytte bakre inngang på bussen eller gå rett om bord på Bybanen og registrer kortet ditt. Beløpet for reisa blir trekt automatisk frå Skysskortet. Kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise” og restbeløpet på Skysskortet står på skjermen. Du kan registrere Favoritt for eit område (sone) eller strekning (f.eks Osøyro til Nesttun terminal).

Reisepengar - pengar på Skysskortet

Tips: Ein vaksen kan ta med seg inntil fire barn (f.o.m 4 t.o.m. 15 år) gratis i helgene. 

Slik får du Favoritt på billettautomatane:

  • Registrer Skysskortet ditt på billettautomaten

  • Fyll på pengar på Skysskortet ditt (reisepengar)

  • Kjøp ei enkeltbillett og trykk “Ja” på spørsmålet om strekninga skal leggjast til som Favoritt

  • Registrer Skysskortet ditt på kortlesaren om bord.

  • Neste gong du reiser blir beløpet for reisa trekt automatisk frå Skysskortet og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet på Skysskortet står på skjermen på kortlesaren.

Slik får du Favoritt på bussen:

  • Fyll pengar på Skysskortet ditt (reisepengar)

  • Kjøp ei enkeltbillett for sona eller strekninga du ønskjer, og be sjåfør registrere reisen som Favoritt på Skysskortet ditt

  • Neste gong du reiser, kan du nytte bakre inngang og registrere Skysskortet på kortlesaren. Beløpet for reisa blir trekt automatisk frå Skysskortet og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet på Skysskortet står på skjermen på kortlesaren.

Slik endrar du Favoritt på billettautomat:

  • Registrer Skysskortet på automaten

  • Kjøp enkeltbillett for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Registrer Skysskortet på automaten på nytt

  • Trykk på ”Mitt kort” (øvst til høgre)

  • Trykk på ”Favoritt” og vel den reisa du ønskjer som Favoritt

Slik endrar du Favoritt på bussen:

  • Kjøp enkeltbillett for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Be sjåfør registrere reisa som din nye Favoritt på Skysskortet ditt


Dersom du skal reise ei anna strekning enn Favoritt må du gå på billettautomat eller til sjåfør som vanleg og betale med Skysskortet.