Enkeltbillett - ei enkeltreise

Enkeltbillett er ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område med buss/bybane. Enkeltbillettar gjeld for alle typar reisande.

Familierabatt: Ein vaksen reisande kan ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlige fridagar.

Enkeltbillett båt

Enkeltbillett buss/båt

Kjøp og bruk av enkeltbillettar

Kjøp hos sjåfør
Du kan kjøpe enkeltbillett hos sjåfør med pengar på Skysskortet eller med kontantar (sjåfør tek ikkje bankkort). Billetten blir lagt på Skysskortet ditt og du treng ikkje registrere kortet på nytt om bord. Dersom du ikkje har Skysskort får du ein papirbillett. Gi alltid opp endehaldeplass ved kjøp av enkeltbillettar hos sjåfør. 

NB: Tillegg i prisen for kontant betaling om bord innanfor Sone A

Kjøp på billettautomat
Du kan kjøpe enkeltbillett på billettautomat både med og utan Skysskort. Dersom du ikkje har Skysskort får du ut ein elektronisk enkeltbillett. Registrer Skysskortet eller enkeltbilletten ved å halde kortet i ro mot kortlesaren om bord. Enkeltbillett kjøpt på billettautomat blir aktivert ved kjøpstidspunktet.  

Kjøp med mobil
Du kan kjøpe enkeltbillett innanfor ei sone mobil ved bruk av Skyss Billett-appen. Du treng ikkje registrere mobilbilletten om bord, men både sjåfør og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. 

Kjøp i kiosk og butikk
Du kan kjøpe enkeltbillett innanfor Sone A hos eit utval kioskar og butikkar. Enkeltbillett kjøpt i kiosk eller butikk må aktiverast om bord ved bruk.

Kjøp av billettar

Billettkontroll

Overgang

Innanfor kvar sone blir det ein pris i heile sonen. Enkeltbillett vil vere gyldig i 90 minutt innanfor ei sone, og gyldig i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for.

Om du skal krysse ei sonegrense, blir billetten dyrene etter kor mange grenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett blir fire soner, og tre for periodebillettane.

Overgang frå flybussar

Dersom du reiser med flybuss og skal vidare med ordinær rutebuss, får du eit avslag i billettprisen. Avslaget vil variere avhengig av kor langt du skal reise vidare.

Prisar