Student

Kom deg BILLIG RUNDT med studentrabatt
Som student skal du komme deg billig rundt med Skyss! Derfor tilbyr vi 40 prosent studentrabatt på alle periodebillettane våre. Med studentrabatten er du fri til å reise rundt i heile Bergen og omegn med buss, bybane og båt (Askøyruta) frå kun 13 kroner dagen*.

*Priseksempelet er pris pr. dag med 180-dagars billett for student i Sone A.

Prisar for buss, Bybanen og Askøyruta

Med periodebillett reiser du billeg og enkelt. Du kan kjøpe periodebillett i mobilappen Skyss Billett eller på Skysskort.

Last ned Skyss Billett-appen her

Pssst! Dersom du er yngre enn 21 år, løner det seg heller å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett.

Kven gjeld studentrabatten for?

  • Heiltidsstudentar ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte frå Lånekassen, inkludert norske utanlandsstudentar
  • Studenter til og med fylt 32 år. Fra den dagen du fyller 33 år, gjeld ikkje studentrabatt meir. Då må du ha vaksenbillett. 
  • Studiet må vare minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studiebelastninga tilsvare eit årskurs
  • Lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4.
  • Framandspråklege som tek kurset «Norsk med samfunnskunnskap»
  • NKI (Lånekassegodkjente studier) 

Kven kan ikkje nytte rabatten?

  • Deltidsstudentar, delfagselevar/-hospitantar og vaksne som er i fullt arbeid
  • Du som brukar lengre tid på studiet enn normalt, eller ikkje følgjer undervisninga i alle fag
  • Studentar ved etatskular (under Forsvaret, Postverket, Kriminalomsorga), korrespondanseskular, kortvarige kveldskurs, spesialkurs eller praktikantarbeid
  • Studentar/elevar som får løn eller anna godtgjersle i samband med utdanninga, med unntak av lærlingar/lærekandidatar som får rabatt medan dei går i lære. Inntekter frå stipend og legat vert ikkje rekna som løn.
  • Doktorgradskandidatar og stipendiatar blir ikkje betrakta som studentar. Dei blir regna som vaksne i full jobb og får ikkje studentrabatt hos Skyss.

Du må kunne vise gyldig bevis

Når du reiser på studentbillett, må du på førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør alltid kunne vise bevis på at du studerer/går i lære det aktuelle semesteret.

  • Studiekort, studentbevis på mobil eller skulebevis for lærlingar, som stadfestar at du er student/lærling dette semesteret
  • Dokumentasjon frå skule eller lærebedrift, som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke)
  • Er du utanlandsk student, må du ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen
  • Beviset må vise namn, fødselsdato og studiestad, og at det gjeld dette semesteret.
  • Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. For deg som avsluttar studiet, tyder dette at siste dato for aktivering av ny studentbillett er 31. juli og 31. desember
  • For lærlingar/lærekandidatar er gyldig dokumentasjon anten
    • personleg ID-kort frå bedrifta, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”
    • eller kopi av lærekontrakt
    • eller stadfesting frå bedrift om at du er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato.

Personar som ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at dei har krav på studentrabatten, må betale gjeldande gebyr.

Nyttige linkar

Reisepengar - pengar på Skysskortet

Last ned Skyss Billett-app

Bestill Skysskortet

Billettkontroll