7-, 30- eller 180-dagarsbillett

Med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett kan du reise så mykje du vil på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område med buss/bybane. Billetten er upersonleg og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av éin person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar gjeld for vaksen, barn, honnør og student. For å låne bort ein billett du har kjøpt på Skysskort må du låne bort kortet. For å låne bort billetter kjøpt i billett-appen må du fysisk låne bort mobiltelefonen din.

Gyldigheitstida for periodebillettar gjeld frå klokkeslettet ved aktivering til same klokkeslett 7, 30 eller 180 dagar fram i tid. Billetten er gyldig så lenge du går på transportmiddelet før billetten går ut, men om du må bytte transportmiddel undervegs, må du kjøpe ny billett om den er gått ut før du går på det nye transportmiddelet.

Familierabatt: Ein vaksen (vaksen/honnør/militær/student) reisande kan ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlige fridagar. 

Kjøp av 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett på billettautomat, i mobilappen Skyss billett, på Skyss kundesenter og hos sjåfør dersom du har Skysskortet (sjåfør tek ikkje bankkort). Kjøper du 7-, 30- eller 180-dagarsbillett på billettautomat og er student eller honnør under 67 år, kan du endre kategori for å få din rabatt. 

Prisar

Kjøp av billettar

Skysskortet

Bruk av 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
7- og 30-dagarsbillett kjøpt med mobil vert aktivert med ein gong. 7-, 30- eller 180-dagarsbillett på Skysskortet må du aktivere ved første gangs bruk av ny periode. Bussjåfør kan gjere dette, eller du kan gjere det på kortlesar om bord på følgjande måte:

  • Hald Skysskortet i ro mot lesaren
  • Vel billett (du kan bruke knappane både til høgre og venstre)
  • Hald kortet mot kortlesaren på nytt. Resten av perioden registrerar du kvar reise ved å halde Skysskortet i ro mot kortlesaren.

NB: Billett på Skysskortet må aktiverast om bord innan 30 dagar etter kjøpsdato.

Billettkontroll

Parkering for deg med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Dersom du har ein 7-, 30- eller 180-dagarsbillett kan du parkere gratis på utvalde parkeringsplassar i Bergen og omegn.

Parkering for kollektivreisande