30-dagars ungdomsbillett

Med 30-dagars ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil i heile Vestland fylke.

Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med 20 år. 

Ungdomsbilletten er ein upersonleg billett og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nytter billetten må likevel tilfredsstille krav til alder. Hugs gyldig legitimasjon.

Dersom du er elev i vidaregåande skule men ikkje er fylt 16 år, kan du likevel kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Du må dokumentere gjennom inntaksbeviset at du er elev i den vidaregåande skolen på utsalsstad eller til sjåfør, eller ved eventuell billettkontroll. 

Slik bruker du 30-dagars ungdomsbillett
30-dagars ungdomsbillett kjøpt på mobil og billettmaskin vert aktivert med ein gong. Når du kjøper Ungdomsbillett i nettbutikken, kan du velje oppstartdato.

Slik kjøper du 30-dagars ungdomsbillett
Du kan kjøpe 30-dagars ungdomsbillett i Skyss Billett-appen, i nettbutikken, på billettautomat og på vårt kundesenter.

30-dagars ungdomsbillett gjeld i heile Vestland på alle bussreiser med Skyss og Kringom i tillegg til Bybanen. Ungdomskortet kan også nyttast på:

Vy ekspressruter: 

  • VY146 Måløy-Stryn - Oslo - til/frå Grasdalen 
  • VY430 Fjordekspressen (Bergen-Ålesund) – til/frå Stigedalshytta 
  • VY170 Førde - Sogndal - Lærdal - Oslo – til/frå Hemsedalsfjell fylkesgrensa 
  • VY450 Sogndal-Voss 

Nor-way ekspressruter: 

  • NW180 Haukeliekspressen - mellom Odda-Røldal-Etne 
  • NW431 Fjordekspressen (Bergen - Trondheim) – til/frå Stigedalshytta 
  • NW420 Sogndal-Bergen  
  • NW162 Øst-Vestekspressen – til/frå Filefjell fylkesgrensa 
  • NW400 Kystbussen - til/frå Haugesund rutebilstasjon  

Båt- og ferjeruter:

  • Fjord1 og Norled sine ferje- og båtruter i Vestland fylke
  • Ferjesambandet Valestrand-Breistein
  • Båtruter i området Hordaland 

Andre ruter: 

  • Tog mellom Bergen og Vieren (Vossebanen). Ungdomskortet kan ikkje nyttast på regionstog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo).  
  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Kjøp av billettar

Skysskortet

NB! Dersom du reiser med Skysskortet, hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framsyning på reiser med tog, ferjer, snøggbåt og ekspressbussar.

Billettkontroll
For deg som reiser med 30-dagars ungdomsbillett gjeld gyldig identitetskort (med namn, fødselsdato og bilde), bankkort med bilde eller pass som gyldig legitimasjon.

Billettkontroll

Pris 30- dagars ungdomsbillett