Reglement for priser og rabattordningar for båt

Gjeldande frå 1. august 2018 og inntil vidare

1. GENERELLE REGLAR

Reglementet gjeld for snøggbåtrutene i Hordaland.

Båtruta Kleppestø – Bergen går inn under pris- og rabattreglementet for buss/bane.

Snøggbåtrutene i fylket er delt opp i pristrinn. Ved prisfastsetting skal prisen bereknast på bakgrunn av ombordstiging og avstiging.

Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og strekning. Ved reise med rabatterte billettar må kunden òg kunne vise gyldig dokumentasjon for krav på rabatt (legitimasjon/studentbevis/honnørbevis o.l.). For reiser med transportmiddel utan Skyss billettsystem må kunden kunne vise fram kvittering for aktivert billett (påført Gyldig til-dato).

2. SKYSSKORTET

Skysskortet er eit elektronisk reisekort for kollektivtrafikken i Hordaland. Alle billettypar kan lagrast på Skysskortet. Skysskortet er tilgjengeleg både som registert og uregistrert kort.

3. BILLETTYPAR

3.1.1  Enkeltbillett båt – ei enkeltreise

Ein enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning. 

3.1.2 Enkeltbillett buss/båt – kombinasjonsreiser

Ein enkeltbillett buss/båt gjeld for ei enkeltreise innanfor ein eller fleire soner med buss/bybane/Askøyruta pluss på ei bestemt strekning med snøggbåt (båtruter for Sunnhordland, Nordhordland og Austevoll). Ein enkeltbillett buss/båt er tilgjengeleg for alle typar reisande.

3.1.3 Tur/returbillett båt

På lengre strekningar får vaksne reisande 50 prosent rabatt på returreisa ved kjøp av tur/returbillett båt. Desse strekningane går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen. Retur må finne stad innan 15 dagar. Det vert ikkje gitt refusjon for unytta returbillett.

Tur/returbilletten kan ikkje kombinerast med andre rabattar. Andre kundegrupper kan òg nytta tur/returbillett, men det vert ikkje gjeve ytterlegare rabatt.

3.1.4 Overgang med enkeltbillettar
Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten og vil variere ut frå reisestrekning.

3.2 Periodebillettar

3.2.1 Periodebillett båt

7-, 30- og 180- dagarsbillett gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning med båt. Billetten gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå første gong billetten vert brukt/aktivert. Billetten må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato.

Maksimum pris for 7-, 30- og 180- dagarsbillett går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen.

3.2.2 7-, 30- og 180- dagars billettbuss/båt – kombinasjonsreiser

Periodebillett buss/båt gjeld i 7, 30 eller 180 dagar for eit uavgrensa tal reiser med buss/bybane/Askøyruta innanfor ein eller fleire soner pluss på ei bestemt strekning med snøggbåt (båtruter for Sunnhordland, Nordhordland og Austevoll). Periodebillett buss/båt er tilgjengeleg for vaksen, barn, student og honnør på Skysskortet. Billetten må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato og gjeld frå fyrste gong billetten vert brukt/aktivert.

3.2.3 30 dagars ungdomsbillett – 16 til og med 20 år

30-dagars ungdomsbilletter gjeld frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 21 år. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan òg kjøpe billetten, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skulen.

30-dagars ungdomsbillett er ein upersonleg billett og kan nyttast av fleire, men den kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille kravet til alder. Ved kontroll må det synast gyldig legitimasjon.

30-dagars ungdomsbillett er tilgjengeleg på Skysskortet og i Skyss Billett-appen. Billetten gjeld i 30 dagar frå kjøp på mobil eller frå første gong den vert brukt/aktivert på Skysskortet. Billetten på Skysskortet må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på følgjande fylkesinterne transportmiddel: lokale bussruter, Bybanen, ekspressbussar, lokaltog, ferjer og snøggbåtruter. Billetten gjeld òg på Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

30-dagars ungdomsbillett gjeld òg på ”Trygt heim”-rutene.

Ved bruk av Skysskortet på transportmiddel utan Skyss sitt billettsystem( lokaltog, ekspressbussar, ferjer m.fl)., må ein ved billettkontroll vise kvittering for aktivert billett (påført gyldig til-dato).

4. REISEPENGAR – pengar på Skysskortet

Reisepengar er eit betalingsmiddel på Skysskortet. Innskot på Skysskortet må vere minst kr. 200, og maksimalt saldo er kr. 5000. Alle billettar kan betalast med reisepengar på Skysskortet.

4.1 Favoritt

Favoritt er ein tilleggsteneste som gjer det muleg å registrere den mest brukte reisa som Favoritt på Skysskortet. Dersom det er reisepengar på Skysskortet, vil beløpet for reisa då bli trekt automatisk frå kortet på kortlesaren om bord.

5. RABATTAR

5.1 Ordinær vaksen

Gjeld personar frå fylte 16 år.

5.2 Rabatt for barn

Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon.

5.3 Honnørrabatt

Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Rabatten gjeld:

a)       Personar over 67 år

b)      Uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd

c)       Blinde

Ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pkt. a), b) eller c), får 50 prosent rabatt på enkeltreiser.

Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimere seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syne bevis frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syne bevis frå blindeforbund. Døvblinde syner eige tilleggsbevis.

5.4 Følgjesvein (ledsager)

Følgjesvein til funksjonshemma person, som kan visa fram følgjekort, reiser fritt på enkeltreiser. Det er ikkje krav om særskild billett.

5.5 Student

Studentar/lærlingar/elevar t.o.m. 32 år får 40 prosent rabatt på periodebillettar.  Studentrabatten gjeld for dei som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studentrabatt vert dessutan gitt til dei som er lærlingar og lærekandidatar på fulltid, og som følgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4. Studentar og elevar får studentrabatt til og med fylte 32 år.  

5.6 Militær

Vernepliktig mannskap (førstegongsteneste) får 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltreiser.

Rabatten gjeld for den tenesteperiode som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis. 

5.7 Familie

På lengre strekningar er det sett ein maksimal pris for barn som reiser saman med betalande vaksen på enkeltreiser. Maksimal pris per barn går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen og gjeld for inntil fire barn per vaksen.

5.8 Gruppe

Det vert gjeve 25 prosent rabatt for vaksne reisande når minst 10 personar reiser saman på enkeltreiser. Barn, honnør, militær og student får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

6. REFUSJONAR SKYSSKORTET OG SKYSS BILLETT-APP

Ved refusjon må ein kunne dokumentere at ein er den rette eigaren av eit Skysskort. Personen må enten ha registrert kortet i sitt namn, eller dokumentere ved hjelp av kjøpskvittering med kortnummer og bankkvittering at han/ho er den rette eigaren av Skysskortet.

6.1 Rekonstruksjon - Mista/stole Skysskort

Ved mista eller stole Skysskort må kontakte Skyss via www.skyss.no snarast råd for eventuell refusjon og bestilling av nytt kort.

Kundar som kan dokumentere at han/ho er rette eigar av eit mista/stole Skysskort, vil få Skysskortet og innhaldet erstatta dersom det er 7 dagar eller meir igjen på ein periodebillett eller verdi over kr. 50,- på kortet.

6.2 Rekonstruksjon - Defekt/øydelagt Skysskort

Ved defekt eller øydelagt Skysskort må ein kontakte Skyss via www.skyss.no eller eit av våre kundesentera snarast råd for eventuell refusjon og bestilling av nytt kort.

Skysskort som er defekt/har slutta å virke, vert erstatta kostnadsfritt. Dette gjeld både registrerte og uregistrerte Skysskort. For å få rekonstruert Skysskortet må kortnummeret vere mogleg å lese. Periodebillettar kan erstattast ved at billetten blir rekonstruert og lagt over på nytt Skysskort.

Dersom det er reisepengar på Skysskortet, vil desse bli avrekna og overført til nytt Skysskort, eller utbetalt til kunden via bankkonto.

6.3 Refusjon (utbetaling av restverdi/ny billett)

Skyss billettar vert normalt ikkje refundert. Unntak gjeld ved opphøyr av kundeforholdet og i sjukdomshøve etter følgjande reglar:

6.3.1 Opphør av kundeforhold

Ved flytting ut av Hordaland eller etter dødsfall kan ein kontakte Skyss sitt kundesenter for avrekning av innhaldet på Skysskortet og få overført eventuell restverdi til bankkonto. Ein får refusjon dersom det er 7 dagar eller meir igjen på ein periodebillett eller verdi over kr. 50,- på kortet.

6.3.2 I sjukdomshøve

Dersom ein grunna sjukdom ikkje kan nytte ein 30-dagars eller 180- dagarsbillett, kan ein sende refusjonskrav til Skyss dersom ein har sjukemelding på meir enn 7 dagar.

Refusjonskravet må rettast til Skyss innan 80 dagar frå første sjukemeldingsdag. Det vert ikkje gjeve refusjon for eventuelle dagar då Skysskortet har vært nytta.

6.3.3 Ekstra billettutgifter

Dersom ein registrert kunde får ekstra billettutgifter i samband med Skysskort som er defekt, kan ein få refundert utgifter for inntil tre dagar ved å vise billettane hos Skyss kundesenter eller ved å rette seg skriftleg til Skyss kundesenter med billettane vedlagt.

6.3.4 Andre tilfelle

Skyss kan etter ei konkret vurdering òg gje refusjon i andre tilfelle dersom det ville vere urimeleg å nekte kunden refusjon.

7. SKYSS SKOLEKORT

Skolekortet kan berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skole, av den personen som det er utstedt til. Skolekort for grunnskolen er gyldig frå kl. 05.00 til kl. 19.00, og til kl. 23.00 for vidaregåande skolar. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar, søndagar og i skoleferiar.

Elevar som misser skolekortet må sjølv dekke reiseutgifter fram til dei har mottatt nytt kort. Skolen administrerer skolekorta, og ein må difor kontakte skolen for å få nytt kort. Reglar for skoleskyss går fram av skoleskyssreglementet. Elevar som nyttar Skyss skolekort, må vise gyldig legitimasjon ved billettkontroll.

8. REISEGODS O.L.

8.1 Barnevogner, rullestolar og ski

Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.

8.2 Dyr

Dyr reiser gratis.

8.3 Sykkel

Syklar vert teke med dersom plassen tillèt det. Det vert gjeve 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen for syklar. Maksimalpris går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen. Samanleggbar sykkel vert rekna som handbagasje. Syklar som står ute under eige ansvar er gratis dersom det er plass.