Reglement for prisar og rabattordningar for buss, Bybanen og Askøyruta

Gjeldande frå 15. januar 2021 og inntil vidare 

1. GENERELLE REGLAR

Reglementet gjeld for buss og Bybanen i Hordaland, i tillegg til Askøyruta (båtruta mellom Kleppestø og Strandkaien).

Rutetraseane i fylket er delt opp i soner, som er definert gjennom første og siste haldeplass i den enkelte sona. Ved takstfastsetting skal talet på soner frå påstiging til avstiging leggjast til grunn. Prisar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande pristabellar.

1.1 Reisebevis

Ombordstiging er tillat så lenge ein går om bord på transportmiddel i rute, innan utløpstida på billetten. Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og sone(r), og gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis o.l.).  Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.

Billetten kan ein ha i forskjellige format, ut frå kor ein har kjøpt billetten:

  • Skyss Billett-app: Billetten finn ein i appen
  •           Nettbutikk på skyss.no: Ein kan velje mellom bruk av Skysskortet eller sende billetten på e-post/sms. 
  • Billettautomat: Ein kan velje mellom bruk av Skysskortet eller få utstedt ein eingongsbillett 
  • Om bord: Ein får utstedt ein papirbillett
  • Kundesenter: Ein får utstedt ein papirbillett ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillett. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort.

1.2 Takstsamarbeidsavtalar

Skyss har takstsamarbeid med andre transportaktørar. Kvittering for gyldig billett må visast fram ved kontroll.

1.2.1. Tog 

Følgjande Skyss-billettar er gyldig på tog i Hordaland (Vossebanen)

  • Enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillett mellom Bergen og Arna/Trengereid 
  • Periodebillett (7, 30, og 180 dagar) mellom Bergen og Voss
  • Ungdomsbillett 30 dagar mellom Bergen og Vieren

Vy har eigne rabattar og reglar knytt til gruppereiser, ledsagar og dyr.  I tillegg har Vy eigne satsar for ombordtillegg. Meir informasjon finn ein på vy.no. 

1.2.2. Fjordekspressen

Lokaltakst for reisande mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær som har betalt på førehand i app eller på nett og/eller billettautomat (saman med kvittering). Gjelder enkeltbillettar, ungdomsbillett og periodebillett (7, 30 og 180 dagar). 

Det er ikkje plassgaranti på Fjordekspressen anna enn for dei som har kjøpt billett på www.nor-way.no  Dette gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser. Reisande Bergen-Knarvik tur/retur kan ikkje nytte Fjordekspressen.

1.2.3. Haukeliekspressen

Lokaltakst på enkeltbillettar for reisande mellom Odda – Røldal – Etne. Ungdomsbillett kan nyttast. Kvittering må visast for billettar kjøpt på nett og/eller billettautomat).

1.2.4 Øst-Vest ekspressen

Ungdomsbillett kan nyttast til/frå den tidlegare fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. For andre reisande gjeld operatørens eigne takstar.

1.2.5 Kystbussen

Ungdomsbillett kan nyttast til/frå Haugesund. For andre reisande gjeld operatørens eigne takstar. 

2. KJØP AV BILLETT

2.1 Skyss Billett-app

«Skyss Billett» er ein mobilapplikasjon for iPhone og Android telefonar for kjøp av alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland, med unnatak for reiser med kombinasjon av buss/båt. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt i appen om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, Vipps, mobilkonto

2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i Skyss Billett-appen. Innskot på mobilkontoen må vere minst kr. 200, og maksimal saldo er kr. 5000. For å kunne betale med mobilkontoen, må saldoen vere minimum tilsvarande kjøpesum. Ein kan fylle på saldo for mobilkonto på følgjande måtar:

  • VISA eller Mastercard
  • Overføring frå nettbank. Send SMS MED «KID» til 2412 for meir informasjon.

2.2. Nettbutikk

I nettbutikken på skyss.no kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet, skriva ut billetten eller sende den på sms eller på e-post. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt i nettbutikken om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, vipps

2.2.1 Skysskortet

Skysskortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Hordaland og vert nytta til kjøp av periodebillettar i nettbutikken på skyss.no og på billettautomatar. Ein treng ikkje registrera Skysskortet om bord, men det må visast fram ved kontroll, saman med dokumentasjon ved krav på rabatt.

2.3 Billettautomat 

På alle Bybane-haldeplassar og utvalde busshaldeplassar og terminalar kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet eller få utstedt ein eingongsbillett. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt på billettautomat om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Mynt, bankkort

2.4 Om bord

Om bord på buss og Askøybåten kan ein kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar. Ein får utstedt ein papirbillett og ein må kunne vise fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: Kontant

2.4.1 Ombordtillegg

Innanfor Sone A er det tillegg i prisen ved kjøp av billettar om bord for vaksen, barn og honnør. På tog gjeld eigne satsar.

2.5 Kundesenter

På Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan ein kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar. Ein får utstedt ein papirbillett. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt på kundesenteret om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll. 

Betalingsmåtar: Bankkort, kontant 

Ein kan i tillegg få hjelp til kjøp av periodebillettar i app eller i nettbutikken på kundesenteret.

3. BILLETTYPAR 

3.1 Enkeltbillettar  

Enkeltbillettar er gyldig i 90 minuttar for ei sone etter kjøp/starttid, med tillegg på 30 minuttar for kvar ekstra sone billetten er gyldig i. 

3.1.1 Enkeltbillett– ei enkeltreise 

Ein enkeltbillett gjeld for ei enkeltreise innanfor ein eller fleire soner med buss/bybane/Askøybåten I tillegg gjeld enkeltbillettar på følgjande: 

  • Tog (Vossebanen) i Sone A 
  • Fjordekspressen mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær, men ikkje på lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. Gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser
  • Haukeliekspressen mellom Odda – Røldal – Etne 

Ein enkeltbillett er tilgjengeleg for alle typar reisande.  

3.2 Periodebillettar 

Alle periodebillettar er upersonlege og kan nyttast av fleire, men dei kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må kunne framvise billett og tilfredsstille krav til alder og rabattar. 

Ved reiser utover dei sonene ein har gyldig periodebillett for, må ein kjøpe enkeltbillett. Ein betalar for dei soner ein ikkje allereie har billett for.  

3.2.1 Periodebillett – fleire reiser 

Periodebillettar gjeld i 24 timar, 7, 30 eller 180 dagar for eit uavgrensa tal reiser innanfor eit bestemt tal soner med buss/bybane/Askøybåten. I tillegg gjeld periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar på følgjande: 

  • Tog (Vossebanen) mellom Bergen og Voss 
  • Fjordekspressen mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær, men ikkje på lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. Gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser 

Periodebillettar er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør. 

3.2.2 Ungdomsbillett - 16 til og med 20 år 

30-dagars ungdomsbillett kan nyttast frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 21 år. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan òg kjøpe billetten, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skulen.  

30-dagars ungdomsbillett gjeld i heile Vestland på følgjande transportmiddel: 

  • Lokale bussruter (Skyss og Kringom)
  • Bybuss Førde og Florø
  • Kringom Flybuss (ikkje Flybussen i Bergen)
  • Bybanen i Bergen
  • Skyss båtruter
  • Fjord1 og Norled sine ferje- og båtruter i Sogn og Fjordane
  • Ekspressbussar
    • Fjordekspressen mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær, men ikkje på lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. Gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser
    • Haukeliekspressen mellom Odda – Røldal – Etne
    • Øst-Vest ekspressen til/frå den tidlegare fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane
    • Kystbussen til/frå Haugesund
    • Alle Vy og NOR-WAY sine ekspressruter i Sogn og Fjordane (ikkje private turistruter)
    • Fram sine ruter i Sogn og Fjordane
  • Tog mellom Bergen og Vieren (Vossebanen)
  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
  • Skyss sine “Trygt heim”-ruter (Hordaland)

4. RABATTAR 

4.1. Vaksen  

Gjeld personar frå fylte 18 år.  

4.2 Barn  

Barn frå 6 år og opp til fylte 18 år får 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn inntil fylte 6 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon.  

Aldersgrensa for barn gjeld for buss, Bybanen og Askøybåten. For reiser som inkluderer båt er alder for barn 4 år og opp til fylte 16 år. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis på båt. 

4.3 Honnør 

Honnørreisande får  50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Honnørrabatten gjeld:  

  • Personar over 67 år 
  • Uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd 
  • Blinde  

Ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter punkta over, får 50 prosent rabatt på enkeltbillett.  

Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimera seg med gyldig legitimasjon, og det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syna bevis frå trygdekontoret. Blinde skal syna bevis frå blindeforbund. Døvblinde syner eige tilleggsbevis.  

Retten til honnørrabatt for mottagere av uføretrygd omfattar både personar med minst 50 prosent uføretrygd frå den norske Folketrygda og EØS-borgarar med ein varig lovfesta trygdeytelse basert på minst 50 prosent uføretrygd frå ein offentleg trygdeordning i eit anna EØS-land, tilsvarande norsk Folketrygd. 

EØS-borgarar med ein trygdeytelse frå eit anna EØS-land som beskrive ovanfor, skal løyvast honnørkort på lik linje med personar med minst 50 prosent uføretrygd frå den norske Folketrygda. Honnørkort utskrive av NAV gir rett til honnørrabatt. 

4.4 Følgjesvein (ledsagar) 

Ledsagar til funksjonshemma person, som kan visa fram følgjekort, reiser fritt saman med funksjonshemma person på enkeltbillett. Det er ikkje krav om særskild billett for følgjesvein. 

Eigne reglar gjeld på tog. 

4.5 Student 

Studentar/lærlingar/elevar t.o.m. 29 år får 40 prosent rabatt på periodebillettar.  Studentrabatten gjeld for dei som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studentrabatt vert dessutan gitt til dei som er lærlingar og lærekandidatar på fulltid, og som følgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4.  

4.6 Militær 

Vernepliktig mannskap (førstegongsteneste) får 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar, men lågaste pris er lik ordinær pris for 2 soner.  

Rabatten gjeld for den tenesteperioden som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis.  

Militærrabatt gjeld òg for personar som avtener sivilteneste. Slik rabatt omfattar berre norske statsborgarar som er knytt til det norske forsvaret eller avtener norsk sivilteneste. 

4.7 Familie  

Ein vaksen over 18 år som har gyldig billett (enkeltbillett eller periodebillett) kan ta med seg inntil fire barn mellom 6 og 18 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar. Barn under 6 år reiser alltid gratis. Familierabatten gjeld alle  vaksne (inkludert militær, student, honnør). 

4.8 Gruppe 

Det vert gjeve 17 prosent rabatt for vaksne reisande når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett. Barn, honnør, militær og student får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande. 

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar. 

Ved gruppereiser med tog, ta kontakt med Vy. 

4.9 Kombinasjonsreiser

Ved kjøp av periodebillettar for kombinasjonsreiser med både buss og båt, vert det gjeve ein rabatt basert på reisestrekning ved kjøp i nettbutikken på skyss.no. 

Rabatten er ikkje tilgjengeleg i Skyss Billett-appen.

 

 

5. REISEGODS O.L.  

5.1 Barnevogner, rullestolar og ski 

Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.  

5.2 Dyr 

Dyr reiser gratis. Eigne reglar gjeld på tog. 

5.3 Syklar 

Syklar vert teke med dersom plassen tillèt det. Det vert gjeve 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen for syklar. Maksimal pris går fram av den gjeldande pristabellen. Samanleggbar sykkel vert rekna som handbagasje. 

Syklar vert teke med gratis på Askøybåten så langt plassen tillèt det.  

6. REFUSJON

Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar vert ikkje refundert. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto. 

7. SKYSS SKOLEKORT 

Skolekortet kan berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skole, av den personen som det er utstedt til. Skolekort for grunnskolen er gyldig frå kl. 05.00 til kl. 19.00, og til kl. 23.00 for vidaregåande skolar. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar, søndagar og i skoleferiar.  

Elevar som misser skolekortet, må sjølv dekka reiseutgifter inntil dei har mottatt nytt kort. Skolen administrerer skolekortet, og ein må difor kontakta skolen for å få nytt kort. Reglar for skoleskyss går fram av skoleskyssreglementet. Elevar som nyttar Skyss skolekort, må visa gyldig legitimasjon ved billettkontroll.