Student (båt)

På båt får du som student 40 % rabatt på enkeltbilletter og periodebillettar.

Prisar for båt

Studentrabatten gjeld for deg som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studentrabatt vert dessutan gitt til dei som er lærlingar og lærekandidatar på fulltid, og som fylgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4. Studentar og elevar får studentrabatt til og med fylte 32 år. Når du har fylt 33 år, må du kjøpe vanleg vaksenbillett. Er du yngre enn 21 år, løner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett.

Krav til studiet og studenten

Du må ha ordinær utdanning som mål, og i samband med skulegangen kan du ikkje ta imot løn eller anna godtgjersle. Unntaket er lærlingar/lærekandidatar som får rabatt medan dei går i lære. Inntekter frå stipend og legat vert ikkje rekna som løn.

Studiet må ha ei varigheit på minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studiebelastninga vera tilsvarande eit årskurs. Viss du brukar lengre tid enn normalt, eller ikkje følger undervisninga i alle fag, vert studiet rekna som deltid. Du er da ikkje kvalifisert til studentrabatt.

Det er berre deltaking i ordinær undervisning som gir grunnlag for rabatt, ikkje spesialkurs, praktikantarbeid eller liknande. Framandspråklege under 33 år, som tek kurset «Norsk med samfunnskunnskap», får likevel studierabatt.

Studium som ikkje går under studentrabattordninga

Delfagselevar/hospitantar og vaksne som òg er i fullt arbeid, går ikkje inn under studentrabattordninga. Ordninga gjeld heller ikkje etatskular (under Forsvaret, Postverket, Kriminalomsorga), korrespondanseskular eller kortvarige kveldskurs.

Du må kunna vise gyldig bevis

Når du reiser på studentbillett må du i ein billettkontroll alltid kunne framvise gyldig billett saman med bevis på at du studerer/går i lære det aktuelle semesteret.

Kva er gyldig bevis?

  • Studiekort, studentbevis på mobil eller skulebevis for lærlingar, som stadfestar at du er student/lærling inneverande semester
  • Dokumentasjon frå skule eller lærebedrift, som stadfestar skulegang inneverande semester - saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto
  • ISIC-kort vert akseptert som studentlegitimasjon. ANSA-kort vert ikkje godteke
  • Utanlandske studentar må vise fram legitimasjon og inntaksbrev frå skulen
  • Beviset må vise namn, fødselsdato og studiestad, og dessutan at det gjeld aktuelt semester
  • Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og haustsemesteret ut januar. For deg som avsluttar studiet tyder det at siste dato for aktivering av ny studentbillett er 31. juli og 31. desember

For lærlingar/lærekandidatar er gyldig dokumentasjon:

  • personleg ID-kort frå bedrift, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”
  • eller kopi av lærekontrakt
  • eller stadfesting frå bedrift om at du er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato.

Personar som ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig tilleggsbevis må betala gjeldande gebyr. 

Billettkontroll