Hund

Hundar har same billettpris som barn, men maksimalt kr. 50,- på enkeltreiser. Du kan òg kjøpe 7-, 30- eller 180-dagarsbillett for hund til same pris som for barn. Førarhundar eller tenestehundar reiser gratis.

Billettar

Sjåfør/førar har ikkje plikt til å ta ein hund med på bussen, med mindre dei er førarhundar eller politihundar. Dersom bussen har ledig plass og hunden ikkje er til sjenanse for dei andre reisande kan hund takast med. Hund skal sikrast i band eller i bur under reisa, og må ikkje hindre fri passasje. Hund som er aggressiv eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under reisa.

Prisar

Ved reiser med hund og overgang til NOR-WAY Bussekspress gjeld eigne reglar.

Les meir på www.nor-way.no.