Barn

På buss, Bybanen og Askøyruta vert barn rekna som reisande frå fylte 4 år til og med 15 år. Barn får om lag 50 % rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn under 4 år reiser gratis. 

Familierabatt: Ein vaksen reisande kan ta med seg inntil fire barn gratis på laurdagar, søndagar og offentlige fridagar. Dette gjeld om den vaksne har periodebillett eller enkeltbillett.

Prisar for buss, Bybanen og Askøyruta

For deg som har rett på skoleskyss:
Skoleskyss -grunnskolen og vidaregåande skole.


Billettkontroll

Sørg for å reise med riktig billett. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon. 

Billettkontroll 


 Bestemor med barnebarn på bussen.