Skysskortet

Skysskortet er reisekortet for deg som reiser i Hordaland. Det gjeld på alle våre bussar, båtar og Bybanen i Bergen. 

Bestill Skysskortet

NB: Du kan berre ha eitt registrert Skysskort. Dersom du har hatt eit registrert Skysskort som no er mista/øydelagt, bruk dette skjemaet:

Mista/feil på Skysskortet


Registrert eller uregistrert Skysskort
Du kan velje om du vil registrera Skysskortet ditt eller ikkje. Eit registrert Skysskortet er registrert på deg som person og du kan berre ha eitt registrert Skysskort. Vi vil i eit avgrensa tidsrom ta vare på informasjon om reisene du gjennomfører med Skysskortet. Denne informasjonen brukar vi ved eventuell reklamasjon eller refusjon ved tap av kortet.

Eit uregistrert Skysskort er ikkje registrert på ein person og du kan ha fleire uregistrerte Skysskort. Du vil ikkje kunne reklamere eller krevje refusjon ved tap av eit uregistrert Skysskort.

Vi sender Skysskortet per post etter bestilling, eller det kan hentast på vårt kundesenter. Du kjøper så billett eller fyller på pengar på kortet i etterkant på billettautomat, hos sjåfør eller på vårt kundesenter.

Billettar

Prisar

Vilkår om personvern.


NB:
Skysskortet må ikkje forvekslast med appen Skyss Billett. Billettar og reisepengar på Skysskortet er uavhengig av billettar og verdi på billett-appen.

Appen Skyss Billett