SMS-billett

Du kan kjøpe enkeltbillett til buss, Bybanen og Askøybåten og få billetten som SMS på mobiltelefonen din.

Billetten er gyldig frå du mottar den som SMS (tekstmelding) og varar i 90 minuttar. SMS-billett er berre gyldig på den telefonen den er kjøpt med og vil ikkje vere gyldig dersom den blir vidaresendt.  

Les meir om enkeltbillett her.

Nokre mobilabonnement har avgrensingar på tenester som belastar mobilrekninga. Det gjeld til dømes enkelte abonnement for barn og utanlandske nummer. Desse kan ikkje nytte SMS-billett. 

Denne billettypen er mellombels, men det er ikkje sett nokon sluttdato.

Slik kjøper du SMS-billett for ei sone:

Send tekstmelding til telefonnummer 2412 og skriv kva billett du vil ha:

  • Vaksen
  • Honnør
  • Barn

Billetten er gyldig frå du mottar den som SMS (tekstmelding) og varar i 90 minuttar. Det vil stå på billetten kor lenge den er gyldig.

Det verkar også om du heller vil skrive Voksen. Det spelar inga rolle om du nyttar små eller store bokstavar. 

Slik kjøper du billett for fleire soner:

Reise i 2 soner Reise i 3 soner Reise i 4 soner
Gyldig i 120 minuttar
Send:
Gyldig i 150 minuttar
Send:
Gyldig i 180 minuttar
Send:
  • Vaksen2S
  • Vaksen3S
  • Vaksen4S
  • Barn2S
  • Barn3S
  • Barn4S
  • Honnør2S
  • Honnør3S
  • Honnør4S

Send kodeord til 2412, og du mottar billetten som SMS (tekstmelding). 
Kodeorda for billettar i fleire soner må vere utan mellomrom. Om du ikkje skriv korrekt kode, vil du få feilmelding. 

Les meir om prisar for billettar