Kjøp av billett i appen

Du må kjøpe billett før du går om bord. Det er ei 2 minutt forseinking ved kjøp av billettar i billett-appen. Det vil seie at det vil gå 2 minutt frå du kjøpar ein billett i appen til billetten er aktiv. Du kan likevel gå om bord når billetten er kjøpt og teksten "Aktiv om 2:00 - Påstigning tillatt" visast og nedtellinga har starta.

Betalingsmåtar
Ved kjøp av billettar i appen kan du betale på følgjande måtar:

  • Mobilkonto 
  • Bankkort (VISA/Mastercard)
  • Telefonrekning (gjeld ikkje for periodebillettar)

Mobilkonto
Mobilkonto er eit betalingsmiddel i billett-appen. Innskot på mobilkonto er minimum kr. 200,- og maksimum verdi er kr. 5.000,-. For å kunne betale med mobilkonto, må saldo vere minimum tilsvarande kjøpesummen. Påfylling av saldo på mobilkonto kan gjerast på følgjande måte:

  • Med VISA eller Mastercard
  • Overføring frå nettbank. Send KID til 2412 for meir informasjon.

Skal du avslutte mobilkontoen, og ønsker resterande beløp refundert, kan du fylle ut skjema som ligger her  Vi gjer merksam på at beløp under 50 kroner ikkje blir refundert. 

Vårt kundesenter

NB: Mobilkontoen må ikkje forvekslast med reisepengar på Skysskortet. Saldo på mobilkontoen er uavhengig av saldoen på Skysskortet, og desse vil dermed ikkje ha innverknad på kvarandre.

Reisepengar - pengar på Skysskortet

Tilknytte brukarar til mobilkonto
Det er mogeleg å knytte fleire brukarar til ein mobilkonto. Denne funksjonaliteten er utvikla spesielt med tanke på familiar. Tilknytte brukarar (f. eks. barn) vil kunne betale reisene sine ved å belaste hovudbrukaren (f. eks. mor/far) sin mobilkonto. 

Bankkort
Du kan betale med VISA eller Mastercard. Legg gjerne inn eit bankkort i appen med ein gong. Du kan velje å betale dine billettar direkte med bankkortet, eller nytte det til å fylle på mobilkonto.

Alle transaksjonar som involverer bruk av bankkort (VISA/Mastercard) blir behandla av Nets. Nets leverer betalings-, kort- og informasjonsløysingar i dei nordiske landa og tilbyr ei sikker elektronisk betalingsløysing. Nets sørgjer for at all kortinformasjon blir oppbevart sikkert og i samsvar med kortselskapa sine regelverk. Ingen opplysningar om betalingskortet blir lagra i applikasjonen eller hos Skyss.

Telefonrekning
Ved betaling via telefonrekning får du ein SMS med stadfesting på gjennomført betaling. Maks SMS-belasting er 200 kroner. Deretter blir billetten tilgjengeleg i applikasjonen. Det kan ta litt tid i samband med stadfestinga av betaling frå teleoperatør og før billetten er tilgjengeleg i applikasjonen. 

NB: Det er ikkje alle teleoperatørar og abonnementsavtalar som støttar betaling via telefonrekning. (eks. Telenor Kontant og TDC).