Bruk av mobilbillett

Du er sjølv ansvarleg for å ha gyldig reisebevis. Dette inneber mellom anna følgjande:

  • Du må ha kjøpt mobilbillett før du går om bord
  • Du må ha tilstrekkeleg batterikapasitet på telefonen så lenge reisa varar slik at gyldig billett kan visast fram ved kontroll
  • Dersom du har kjøpt billett til andre med mobilen din er det du som disponerer billettane. Din mobil må derfor vere tilgjengeleg for reisefølgje ditt ved kontroll under heile reisa.

Ombordstiging
Fordi gyldig mobilbillett skal kjøpast før ombordstiging kan du gå inn både framme og bak i bussen. Både sjåfør og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.

Overgang
Enkeltbillett kjøpt med mobil kan nyttast til overgang innanfor heile Sone Bergen. Overgangstida er 90 minuttar frå kjøpstidspunktet.

Ved overgangsreiser med enkeltbillett ut av Sone Bergen må du vende deg til sjåfør og vise gyldig mobilbillett. Sjåføren vil deretter utstede overgangsbillett mot betaling.

Mobilnett
Bruk av mobilapplikasjonen krev bruk av mobildatanettverk (GPRS/Edge/3G/4G). Manglande dekning vil medføre at billettar ikkje kan kjøpast med applikasjonen. I slike tilfelle må du kjøpe billett på andre måtar.

Kjøp av billettar

Flytting av periodebillettar mellom telefonar
Dersom du har fått ny mobil eller av andre årsaker har installert billett-appen på nytt, kan du overføre dei gyldige billettane dine til den nye telefonen/appen. Dette gjeld 7- og 30-dagarsbillett og 30-dagars ungdomsbillett.

Overføring av billettar kan gjerast opp til tre gongar og skjer ved at du loggar deg på appen på den nye telefonen med det gamle brukernavnet og passord ditt. På den nye telefonen får du opp dette bilete:  

Flytting av periodebillettar mellom telefonar

Parkeringsoblat

Dersom du har 7- eller 30-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på mobil må du hente ut oblat på vårt kundesenter eller hos ein av våre samarbeidsparter: 

Oblatordning for parkering for kollektivreisande