Appen Skyss Billett

Du kan kjøpe eit utval enkeltbillettar og periodebillettar med mobilen dersom du har iPhone eller Android telefon. Last ned appen Skyss Billett og kjøp den billetten som passar best for deg!

Last ned appen
Du treng mobilapplikasjonen "Skyss Billett" for iPhone og Android telefonar for å kjøpe billettar med mobilen. Applikasjonen kan lastast ned gratis i App Store eller Google Play ved å søke på "Skyss" eller ved å bruke følgjande lenker: 

Lenke til App Store

Lenke til Google Play 

Billettar på mobil
Du må kjøpe billett før du går om bord. Du kan kjøpe følgjande billettar i appen:

  • Enkeltbillett innanfor Sone Bergen til vaksen, barn, honnør, hund og sykkel. Ved å betale med mobilkonto får du 17 % rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillett.
  • Nattbillett innanfor Sone Bergen på helgedagar.
  • 24-timarsbillett innanfor Sone Bergen for vaksen, barn og honnør
  • 7- og 30-dagarsbillett innanfor Sone Bergen til vaksen, barn, honnør og student. 
  • 30-dagars ungdomsbillett for heile Hordaland.

Billettar

På grunn av mellom anna eit stort tal takstsoner i Hordaland har vi ikkje prioritert ressursar til å lage ei løysing for enkeltbillett og periodebillettar for heile Hordaland enno. 

Kjøp av mobilbillett.

Bruk av mobilbillett.

Ofte stilte spørsmål


NB: Appen Skyss Billett må ikkje forvekslast med Skysskortet. Billettar og verdi i billett-appen er uavhengig av billettar og verdi på Skysskortet.

Skysskortet