Kiosk og butikk

Du kan kjøpe enkeltbillett til buss og Bybanen innanfor Sone A for vaksen, barn og honnør i eit utval av kioskar og butikkar.

Enkeltbillett

Følgjande kioskar og butikkar i Bergen sel billettar for Skyss:

  • 7-Eleven
  • Deli de Luca
  • Narvesen
  • Bunnpris
  • Matkroken
  • Coop (enkelte butikkar)

Detaljert butikkoversikt

Billettar kjøpt i kiosk og butikk må aktiverast om bord ved bruk. Dette gjer du som følgjer (framgangsmåten er også trykka på baksida av kortet):

  • Aktiver billetten ved å halde kortet i ro mot kortlesar og trykk på knappen til høgre/venstre
  • Grønt lys og teksten "Gyldig reise" visast.

Sjåfør kan også hjelpe deg med å aktivere billetten. Vanleg overgangstid på 90 minutt gjeld (frå første gangs bruk). Du kan dermed kjøpe fleire billettar samtidig og bruke dei når det passar for deg.

Vi oppfordrar deg til å bruke bakre inngang på bussen.


Mann holder Skyss minikort.