Nattbillett

På nattavgangar (buss og Bybanen) natt til laurdag og søndag er det eigne prisar. Kva avgangar det er eigne prisar på, er merka (N) i rutetabellen for dei enkelte linjene. Det er ingen rabattordningar for nattbillettar. 

Nattavgangar 

Kjøp og bruk av nattbillett

Kjøp med mobil
Du kan kjøpe nattbillett innanfor Sone Bergen med mobil ved bruk av appen Skyss Billett. Du treng ikkje registrere mobilbilletten om bord, men både sjåfør og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.

Kjøp på billettautomat
Du kan kjøpe nattbillett på billettautomat både med og utan Skysskort. Dersom du ikkje har Skysskort får du ut ein elektronisk nattbillett. Registrer Skysskortet eller nattbilletten ved å halde kortet i ro mot kortlesaren om bord. Nattbillett kjøpt på billettautomat blir aktivert ved kjøpstidspunktet.

Kjøp hos sjåfør
Du kan kjøpe nattbillett hos sjåfør med pengar på Skysskortet eller med kontantar (sjåfør tek ikkje bankkort). Billetten blir lagt på Skysskortet ditt eller du får ei papirbillett dersom du ikkje har Skysskort. 

Skysskortet

Sone Bergen

Overgang
For Sone Bergen er overgangstida på 90 minuttar og elles i Hordaland på 1 time med tillegg på 10 minuttar for kvar sone.

Overgang er gyldig så lenge du går om bord innan overgangstida.

Prisar nattbillett:
(klikk på boksen under)

Nattbillett

  • 1-2 soner/*:
  • 3 soner:
  • 4 soner:
  • 5 soner:
  • 1-2 soner/*: 80
  • 3 soner: 80
  • 4 soner: 95
  • 5 soner: 105