7-, 30- og 180-dagarsbillett båt

Med 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt kan du reise så mykje du vil. Billetten er upersonleg og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar. 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt gjeld for vaksen, barn, honnør og student.

Rabattar båt

7-, 30- og 180-dagarsbillett buss/båt

Pris 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt

Kjøp og bruk av 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt
Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt om bord eller på vårt kundesenter dersom du har Skysskortet. Du kan betale med pengar på Skysskortet, med bankkort eller med kontantar. 

Kjøp av billettar til båt

Reisepengar - pengar på Skysskortet

Du må aktivere billetten ved første gongs bruk av ny periode og innan 30 dagar etter kjøpsdato. Billetten gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå første gong billetten blir brukt/aktivert. Du aktiverer billetten på kortlesar om bord på følgjande måte:

  • Hald Skysskortet i ro mot lesaren
  • Vel billett (du kan bruke knappen både til høgre og venstre)
  • Hald kortet mot kortlesaren på nytt. Resten av perioden registrerar du kvar reise ved å halde Skysskortet i ro mot kortlesaren.

Billettkontroll