30-dagarsbillett buss/tog

Bergen-Trengereid

Frå 18. april 2017 vart ordninga med einingstakst mellom Bergen og Arna - Trengereid sett i verk. 

Einingstaksten gjeld bare ved kjøp av 30-dagars periodebillett kjøpt i Skyss eller NSB sin billett app.

Meir info om einingstaksten 

Reiser mellom Trengereid og Voss

Kombinasjonsbillettar buss/tog for reiser mellom Bergen og stasjonane aust for Trengereid.
Her kan du nytta Skysskort eller NSBs app. Nyttar du Skysskort, må du vise kvittering for gyldig billett.

Desse billettane kan ikkje kjøpast på NSB reisekort.

Med 30-dagarsbillett buss/tog kan du reise så mykje du vil med buss, Bybanen og NSB Lokaltog (Bergen-Voss), unnateke nattavgangar på tog. Du kan sjølv velje om du vil ta buss eller tog på strekningar kor det er mogleg.

30-dagarsbillett buss/tog er ei upersonleg billett og kan nyttast av andre, men det kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar. 30-dagarsbillett buss/tog gjeld for vaksen, student og barn.

Rabattar

Pris 30-dagarsbillett buss/tog
Prisar for 30-dagarsbillett buss/tog blir rekna ut frå prisar for vanleg 30-dagarsbillett i tillegg til pris for togstrekning.

Prisar 30-dagarsbillett buss/tog

*NB! Du må aktivere billetten om bord på buss/Bybanen innan 30 dagar etter kjøpsdato og den gjeld i 30 dagar frå første gong billetten blir brukt/aktivert. Hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framvising på reiser med NSB Lokaltog. Dersom du ikkje har denne kvitteringen, kan du få den hos sjåfør eller på vårt kundesenter.

Kjøp av billettar

Billettkontroll