7-, 30- eller 180-dagarsbillett

Med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett kan du reise så mykje du vil på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område med buss/bybane. Billetten er upersonleg og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av éin person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar gjeld for vaksen, barn, honnør og student.

Familierabatt: Ein vaksen reisande kan ta med seg inntil fire barn frå 4 til og med 15 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlige fridagar.

Rabattar

7-, 30- og 180-dagarsbillett båt

30-dagarsbillett buss/tog

7-, 30- og 180-dagarsbillett buss/båt


Prisar

7 dagar

30 dagar

180 dagar - (30 dagar gratis)

Kjøp av 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett på billettautomat, på Skyss kundesenter og hos sjåfør dersom du har Skysskortet (sjåfør tek ikkje bankkort). Du kan òg kjøpe 7- og 30-dagarsbillett innanfor Sone Bergen i Skyss Billett-appen. Kjøper du 7-, 30- eller 180-dagarsbillett på billettautomat og er student eller honnør under 67 år, kan du endre kategori for å få din rabatt. 

Kjøp av billettar

Skysskortet

Bruk av 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
7- og 30-dagarsbillett kjøpt med mobil vert aktivert med ein gong. 7-, 30- eller 180-dagarsbillett på Skysskortet må du aktivere ved første gangs bruk av ny periode. Bussjåfør kan gjere dette, eller du kan gjere det på kortlesar om bord på følgjande måte:

  • Hald Skysskortet i ro mot lesaren
  • Vel billett (du kan bruke knappane både til høgre og venstre)
  • Hald kortet mot kortlesaren på nytt. Resten av perioden registrerar du kvar reise ved å halde Skysskortet i ro mot kortlesaren.

NB: Billett på Skysskortet må aktiverast om bord innan 30 dagar etter kjøpsdato.

Billettkontroll

Parkering for deg med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Dersom du har ein 7-, 30- eller 180-dagarsbillett kan du parkere gratis på utvalde parkeringsplassar i Bergen og omegn.

Parkering for kollektivreisande