30-dagars ungdomsbillett

Med 30-dagars ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil i heile Hordaland, og med Kolumbus sine bussar i nokre kommunar i Rogaland*. 

Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med siste dag du er 19 år og brukast ut perioden.

Ungdomsbilletten er ein upersonleg billett og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nytter billetten må likevel tilfredsstille krav til alder. Hugs gyldig legitimasjon!

Dersom du er elev i den vidaregåande skule men ikkje er fylt 16 år kan, du likevel kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Du må dokumentere gjennom inntaksbeviset at du er elev i den vidaregåande skolen på utsalsstad eller til sjåfør, eller ved eventuell billettkontroll. 

Kjøp av 30-dagars ungdomsbillett
Du kan kjøpe 30-dagars ungdomsbillett i Skyss Billett-appen, på billettautomat, på vårt kundesenter og hos sjåfør dersom du har Skysskortet (sjåfør tek ikkje bankkort).

Kjøp av billettar

Skysskortet

Bruk av 30-dagars ungdomsbillett
30-dagars ungdomsbillett kjøpt på mobil vert aktivert med ein gang. Ungdomsbillett på Skysskortet må du aktivere ved første gongs bruk av ny periode. Bussjåfør kan gjere dette, eller du kan gjere det sjølv på kortlesar om bord på følgjande måte:

  • Hald Skysskortet i ro mot lesaren
  • Vel billett (du kan bruke knappen både til høgre og venstre)
  • Hald kortet mot kortlesaren på nytt. Resten av perioden registrerar du kvar reise ved å halde Skysskortet i ro mot kortlesaren. 

NB! 30-dagars ungdomsbillett på Skysskortet må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato.

*30-dagars ungdomsbillett gjeld på følgjande transportmiddel:

Buss/Bybanen 

  • Alle ordinære bussruter i Hordaland og Bybanen i Bergen, unnateke nattavgangar og flybussar.
  • Alle Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
  • Kystbussen frå/til Haugesund (ved reiser mellom Bergen – Halhjem må ein nytte lokalbuss, unntatt reiser frå Bergen til Halhjem og vidare med ferje til Tysnes). På direktebussar gjeld ungdomsbilletten på heile strekninga mellom Bergen og Haukås (i Sveio).
  • Ekspressbussrutene mot Sogn og Fjordane frå/til fylkesgrensa.
  • Haukeliekspressen frå/til fylkesgrensa.
  • Trygt heim-rutene

Båt

  • Alle snøggbåtrutene i Hordaland (NB: ingen plassreservasjon), men unnateke strekninga Bergen-Lygra-Fonnes/Vardetangen.
  • Alle lokalbåtrutene i Hordaland.

Ferje

  • Alle ferjerutene i Hordaland inkludert sambanda Breistein-Valestrandsfossen og Masfjordnes-Duesundøy.

Tog

  • Alle lokaltogrutene i Hordaland.

NB! Dersom du reiser med Skysskortet, hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framvising på reiser med NSB Lokaltog, ferjer, snøggbåt og ekspressbussar.

Billettkontroll

Pris 30- dagars ungdomsbillett:
(klikk på boksen under)

30-dagars ungdomsbillett

  • 1-2 soner/*:
  • 3 soner:
  • 4 soner:
  • 5 soner:
  • 1-2 soner/*: 360
  • 3 soner: 360
  • 4 soner: 360
  • 5 soner: 360