Andre prisar

For alle som reiser med våre bussar, Bybanen og båtar i Hordaland, gjeld våre prisar. På andre kollektivtilbod gjeld eigne prisar.

Fjordekspressen: Lokaltakst for reisande mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær som har betalt på førehand i app eller på billettautomat. Gyldig betalingsmiddel er enkeltbillettar (inkludert appen Skyss Billett), ungdomsbillett og gyldig periodebillett. Ved fylkeskryssande ruter er det kun ungdomsbillett som kan nyttast saman med annan billett kjøpt på nett eller på bussen. Hugs gyldig kvittering for aktivert billett (påført «Gyldig til»-dato).

Det er ikkje plassgaranti på Fjordekspressen anna enn for dei som har kjøpt billett på www.nor-way.no  Dette gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser. Reisande Bergen-Knarvik tur/retur kan ikkje nytte Fjordekspressen.

Haukeliekspressen: Lokaltakst for reisande mellom Odda – Røldal – Etne. Gyldig betalingsmiddel er enkeltbillettar (inkludert appen Skyss Billett) og ungdomsbillett. 

Øst-Vest ekspressen: Ungdomsbillett kan nyttast. For andre reisande gjeld operatørens eigne takstar.

Kystbussen: Ungdomsbillett kan nyttast. For andre reisande gjeld operatørens eigne takstar.

Hugs å ta med kvittering for periodebilletten. 

Sognebussen: Har eigne prisar. Kan ikkje nytte Skyss-takstar med unnatak av ungdomsbillett. 
sjå Vy Buss AS

Flybuss
Flybussen i Bergen kjører til og frå Bergen lufthavn Flesland og har eigne prisar: Flybussen

Båt
For båtruter kor Skyss ikkje har informasjon- og marknadsføringsansvar (utan Skyss-logo) gjeld eigne prisar. Skysskortet og reisepengar kan du bruke på desse båtane:
Hellesøy – Hernar  sjå Gulen skyssbåtservice
Rosendal – Bergen  sjå L. Rødne & Sønner
Reksteren – Våge – Os  sjå L. Rødne & Sønner
Eidesvik – Espevær  sjå Gulen skyssbåtservice
Turistrute Hardanger sjå Norled 

Her kan du ikkje bruke Skyss-kortet: 
Båtruta Norheimsund - Herand - Utne - Kinsarvik - Lofthus - Ulvik - Eidfjord: Sjå informasjon hos Norled 
Båtruta Knappskog - Geitanger: Sjå informasjon om Geitanger Transport AS

Ferje
Det er eigne prisar på ferjer. Du kan kjøpe eit eige ferjekort som kan nyttast på dei fleste ferjesamband i Hordaland og i ei rekke andre fylker: Ferjekort
Det vert fortløpande innført Autopass på ferjene i Noreg. Her finn du informasjon om AutoPASS ferje

Tog
Vy er ansvarleg for reiser med tog i Hordaland og har eigne prisar: Vy

Bergenskortet
Bergenskortet er godt egna for turistar og gir deg fri reise med buss/bybane i Bergen og fri inngang eller rabatt til ei rekke museum, attraksjonar, kulturtilbod, ulike sightseeingtilbod, restaurantar og parkering: Bergenskortet