Studentar

English

Med student meinar vi heiltidsstudentar opp til og med 32 år ved universitet og høgskolar, elevar ved vidaregåande skolar, lærlingar og lærekandidatar, fagskoleelevar og vaksenopplæringselevar.

Reiseprodukt for studentar
Er du student (opp til og med 32 år) og reiser regelmessig med buss eller Bybanen, er PeriodeSkyss student det beste produktet for deg. Studentar får 40 % rabatt på ordinær pris for PeriodeSkyss vaksen. For å få PeriodeSkyss student må du ha eit personleg Skysskort. Du kan kjøpe PeriodeSkyss student ein dag og aktivere det ei anna dag (innan 30 dagar), dersom du ønskjer det.
Bestill eit personleg Skysskort her

Dersom du reiser av og til kan du bruke KontantSkyss. KontantSkyss er ein "konto" på Skysskortet ditt som gir 23 % rabatt på ordinær pris for enkeltbillett (EnkeltSkyss). Innskot på KontantSkyss er minimum kr 200,-, maksimum verdi er kr 1500,-. Du kan òg registrere den mest brukte reisa di (Sone Bergen eller strekning) som Favoritt på Skysskortet ditt. Med Favoritt kan du nytta bakre inngang på bussen eller gå rett om bord på Bybanen for å registrere kortet ditt.
Les meir om Favoritt her


Dersom du ikkje har eit reiseprodukt eller KontantSkyss får du som student 23 % rabatt ved reiser over sju sonar (EnkeltSkyss). Elles gjeld ordinær pris vaksen for studentar som reiser med enkeltbillett (EnkeltSkyss).

Fyll på Skysskortet ditt på billettautomat, hos sjåfør eller på kundesenteret vårt på Bergen Storsenter.

Klikk her for prisar

Les meir om reiseprodukta her

Hugs studentbevis!

Du er sjølv ansvarleg for å ha med deg gyldig reisebevis til ein kvar tid på reisa. Som student er gyldig reisebevis følgjande:

- gyldig reiseprodukt (på Skysskortet, minikort eller papirbillett) og

- gyldig legitimasjon og

- gyldig dokumentasjon for betalt semesteravgift (semesterkort/årsmerke/student-/skulebevis med oblat)

Les meir om gyldig reisebevis og kontroll her

 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177