I løpet av april og mai blir Skysskortet lansert i Bergen, Os, Osterøy, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Skysskortet kjem i staden for alle gamle busskort og vil etter mai bli det einaste gyldige reisekortet i Hordaland.
Alle som skal reise med buss, Snarveien eller Bybanen, vil ha nytte av Skysskortet. Sjølv om du ikkje reiser så ofte, vil det vere enklare og billigare med Skysskortet enn å betale kontant ombord. Du kan velje mellom personleg eller anonymt Skysskort og du kan ha fleire reiseprodukt lagra på Skysskortet.
Inntil vidare må dei som har kombinasjonskort buss og tog nytte dei gamle korta, og vise fram kort og gyldig kvittering ved reise på bussar med det nye billettsystemet.
Les meir om Skysskortet her
Bestill Skysskortet her
Les meir om dei ulike reiseprodukta her
Dersom du lurer på noko kan det vere du finn svaret ditt her:
Ofte stilte spørsmål
Når kjem Skysskortet der eg bur?
Det vil ta litt tid å få på plass billettmaskinane i alle bussane. Her er framdriftsplanen for når du kan ta i bruk Skysskortet der du bur:
| Oppstart veke: |
Område: |
| 15 (15. april) |
Os og Bergen Sør |
| 17 (26. april) |
Osterøy og Bergen Nord |
| 19 (10. mai) |
Bergen sentrum |
| 22 (31. mai) |
Bergen Vest, Askøy |
| 16. juni |
Snarveien |
| 26 (28. juni) |
Bergen Vest, Fjell, Sund og Øygarden |
Dersom du har bestilt Skysskortet vil du ikkje motta kortet før det nærmar seg oppstart i ditt område. Grunnet stor pågang prioriterer vi utsendig til dei områda kor Skysskortet er lansert eller til det neste området som skal ta Skysskortet i bruk. Du treng dermed ikkje bestille Skysskortet på nytt dersom du allereie har bestilt.
Gamle og nye produkt
| Gamle kort |
Nye produkt |
| Periodekort |
PeriodeSkyss |
| Studentkort |
PeriodeSkyss med studentrabatt |
| Periodekort barn |
PeriodeSkyss med barnerabatt |
| Ungdomskort |
UngdomSkyss |
| Rabattkort, verdikort og honnørkort |
PeriodeSkyss med honnørrabatt eller KontantSkyss ("konto" på Skysskortet som nyttast som betalingsmiddel) |
Refusjon av gamle kort
Har du gamle verdikort, rabattkort eller klippekort (barn/honnør), kan du få restverdien frå desse korta overført til nytt personleg Skysskort. Bruk klistremerka med strekkode på som kjem i posten i lag med det nye personlege Skysskortet, fest dei på dei gamle korta og send dei til Skyss innan 6 månader. Deretter blir beløpet overført til Skysskortet ditt i form av KontantSkyss. Dersom du ikkje ønskjer eit personleg Skysskort kan du få refundert verdi over kr 50,- ved å sende kortet til Tide Buss, Postboks 6300, 5893 Bergen saman med navn, adresse og kontonummer du ønskjer restverdi tilbakebetalt til.
Gamle periodekort, studentkort og ungdomskort kan brukast ut gyldighetsperioden ved å vise kvittering når du reiser på bussar med det nye billettsystemet.
Skolekort
Nye skolekort vil ikkje bli sendt ut før til neste skoleår. Dagens skolekort vil bli nytta som viserkort ut skoleåret 2009/2010. Det vil sei at du som elev viser kortet til sjåfør ved ombordstiging, men at korta ikkje blir registrerast i billettsystemet. Det er viktig å ha med skolekortet på bussen då dette reknes som gyldig reisebevis. Dersom du ikkje har med deg skolekortet må du betale vanleg takst.