Kva reise er din Favoritt?

Registrer den mest brukte reisa di (Sone Bergen eller strekning) som Favoritt på Skysskortet ditt. Med Favoritt kan du nytte bakre inngang på bussen eller gå rett om bord på Bybanen for å registrere kortet ditt.

Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss), vel din Favoritt og registrer Skysskortet ditt på kortlesaren om bord. Ved å nytte KontantSkyss får du 23 % rabatt (EnkeltSkyss vaksen) og beløpet for reisa blir trekt automatisk frå KontantSkyss. Kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren. Du kan registrere Favoritt for eit område (f.eks. Sone Bergen) eller strekning (f.eks Osøyro til Nesttun terminal).

Slik gjer du det på billettautomatane

  • Registrer Skysskortet ditt på billettautomaten

  • Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)

  • Kjøp ein EnkeltSkyss og trykk “Ja” på spørsmålet om strekninga skal leggjast til som Favoritt

  • Registrer Skysskortet ditt på kortlesaren om bord.

  • Neste gong du reiser blir beløpet trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.


Slik gjer du det på bussen

  • Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)

  • Kjøp ein EnkeltSkyss for sona eller strekninga du ønskjer, og be sjåfør registrere reisen som Favoritt på Skysskortet ditt

  • Neste gong du reiser, kan du nytte bakre inngang og registrere Skysskortet på kortlesaren. Beløpet for reisa blir trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.


Slik endrar du Favoritt

På billettautomaten:

  • Registrer Skysskortet på automaten

  • Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Registrer Skysskortet på automaten på nytt

  • Trykk på ”Mitt kort” (øvst til høgre)

  • Trykk på ”Favoritt” og vel den reisa du ønskjer

På bussen:

  • Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Be sjåfør registrere reisa som din nye Favoritt på Skysskortet ditt


Dersom du skal reise ei anna strekning enn Favoritt må du gå på billettautomat eller til sjåfør som vanleg.

Vi anbefaler deg som brukar FleksiSkyss til å bytte til KontantSkyss med Favoritt for ei meir effektiv reise.

Les meir om KontantSkyss her

 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177