Tap/feil på kort
Dersom du har øydelagt eller mista ditt personlege Skysskort skal det meldast inn til oss. Anonyme kort blir ikkje erstatta og du treng ikkje melde frå.
Vi vil sperre bruken av ditt personlege kort og deretter sende deg eit nytt personleg Skysskort i posten. Reiseprodukta og/eller restverdiar knytt til KontantSkyss på det gamle kortet vil bli overført til ditt nye personlege Skysskortet. Dermed er kortet klart til bruk når du mottek det.
Reiseprodukta og/eller restverdiar knytt til KontantSkyss blir erstatta dersom følgjande kriterier er oppfylt på det tidspunktet tapet eller feilen blir meldt:
PeriodeSkyss
Du har meir enn sju dagar igjen av gyldig periode
UngdomSkyss
Du har meir enn sju dagar igjen av gyldig periode
FleksiSkyss
Restverdien er over kr 50,-
KontantSkyss
Restverdien er over kr 50,-
For å melde om tapt Skysskort fyller du ut felta under og trykk "Send melding". Nytt kort vil bli sendt i posten til registrert adresse innan 3-4 virkedagar. Inntil nytt kort er motteke må du kjøpe enkeltbillettar på billettautomat eller hos sjåfør.