Vilkår gjeldande frå 4. mars 2010:
Vilkår for behandling av personopplysningar
Behandling av personopplysningar er i Norge regulert i eigen lov – lov om behandling av personopplysningar av 14. april 2000 nr. 31 – med dei forskriftene som høyrer til. Dette regelverket stiller krav til behandling av personopplysningar og tek hand om retten du har til å bli verna mot utidig innblanding i privatlivet ditt. Samstundes gir loven deg høve til å få kontroll og oversikt over opplysningar og informasjon verksemda har om deg. Skyss rettar seg etter rammer og pålegg frå Datatilsynet.
Innsamling og bruk av personopplysningar i Skyss
Adresseopplysningane dine er blitt henta inn frå det sentrale folkeregisteret i samsvar med Forskrift om folkeregistrering § 9-3. Desse opplysningane blir bare nytta til å sende ut førstegangsinformasjon om Skysskortet, og blir ikkje lagra over tid. Andre opplysningar er henta inn frå deg som kortbrukar ved
registrering og bruk av Skysskort.
Personopplysningar som blir henta inn og lagra
Basisopplysningar som namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse vert lagra for innehavarar av personlege Skysskort. I tillegg vert det lagra kva for reiseprodukt og kva for ein gyldigheitsperiode som ligg på det personlege
Skysskortet (PeriodeSkyss, EnkeltSkyss, KontantSkyss), samt betalingshistorikk. Vi vil også lagre opplysningar om reisehistorikk som blir genererte når Skysskortet blir brukt. Reisehistorikk blir lagra for alle reiser som er gjort dei siste 90 dagane, og inneheld opplysningar om kva for ein stoppestad du nytta då du gjekk på bussen, dato og tidspunkt, kortnummer og kva for billettype og takst du reiste med på den aktuelle reisa.
Føremålet med behandling av personopplysningar i Skyss
Føremålet med behandlinga av personopplysningane er å ta hand om avtaleforholde med den som har personlig Skysskort. Dette inneber at vi skal kunne belaste deg for riktig takst i forhold til bruken, skrive ut ulike periodeprodukt, erstatte eventuelle reiseprodukt på tapte kort og gjennomføre eventuelle refusjonskrav.
Utlevering av personopplysningar
Skyss leverer ikkje ut personopplysningar til andre enn den registrerte sjølv. Offentleg myndigheit kan få innsyn ifølge vilkåra etter personopplysningsloven
§ 8. Anonymisert reiseinformasjon kan bli nytta til statistiske føremål og kan dermed leverast ut til andre.
Sikkerheit, tilgang og lagring av personopplysningar
Skyss følgjer krava i personopplysningsforskriften kapittel 2 – informasjonssikkerheit.
Retten til innsyn i eigne personopplysningar
Du har etter personopplysningsloven § 18 rett til å be om innsyn i dei opplysningane som er registrerte om deg. Dersom dei ikkje skulle vere korrekte, er ufullstendige eller irrelevante, kan du når som helst få dei retta, supplert eller sletta. Dersom du ønskjer å få innsyn i dei opplysningane som er lagra om deg, kan du ta skriftlig kontakt med Skyss (sjå skjema på Skyss.no eller ta kontakt med kundesenteret). Ansvarleg for behandling er Hordaland fylkeskommune, Skyss, og skjema skal sendast til Skyss, Postboks 7900, 5020 Bergen. Skyss vil svare skriftleg innan 30 dagar. Svaret vil bare bli sendt til den registrerte adressa som avsendaren har hos Skyss.