Om Skysskortet

Skysskortet er reisekortet for deg som reisar i Hordaland og gjeld på alle Skyss-bussar, Bybanen i Bergen, "Snarveien" (båtrute Askøy-Bergen) og Hardangerfjordekspressen (båtruta mellom Rosendal og Bergen).

Personleg og anonyme kort
Skysskortet finst som både personleg og anonymt kort. Det personlege Skysskortet er registrert på namn og kan bare nyttast av deg. Du kan berre ha eitt personleg Skysskort og du kan kjøpe PeriodeSkyss, UngdomSkyss, FleksiSkyss og DagSkyss på dette kortet. I tillegg kan du fylle på kontantar, det vil seie KontantSkyss. Dersom kortet ditt blir øydelagt eller stole refunderer vi verdien på kortet etter gjeldande reglar.

På det anonyme Skysskort kan du ikkje få periodeprodukt. Du kan kjøpe FleksiSkyss og DagSkyss, og fylle på KontantSkyss på dette kortet. Du kan ha flerie anonyme Skysskortet og det anonyme Skysskortet kan ha fleire brukarar. Mistar du ditt anonyme Skysskort blir ikkje verdien på kortet bli refundert.

Vi sender Skysskortet per post innan 10 arbeidsdagar etter bestilling og du kjøper reiseprodukt på kortet i etterkant på billettautomat eller hos sjåfør.

Bestill Skysskortet her

Skyss minikort
Minikortet er eit elektronisk eingongskort som du får når du kjøper EnkeltSkyss på billettautomatane utan Skysskort. Registrer minikortet på kortlesaren ved ombordstiging på same måte som Skysskortet.

Les meir om reiseprodukt her

Les meir om bruk av Skysskortet her

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177