Billettautomatar

Du finn billettautomatanr på alle Bybane-haldeplassane og på utvalte haldeplassar i Bergen:

Valfri kvittering
Du får ikkje ut kvittering automatisk. Du kan få ut kvittering ved å velje "Skriv ut kvittering" etter et kjøp eller i etterkant gå inn på "Mitt kort" og velje "Kopi av kvittering".

Dette kan du gjere på billettautomaten:

  • Kjøpe EnkeltSkyss (enkeltbillett)
    EnkeltSkyss kan leggast på Skysskortet ditt (både anonymt og personleg). Dersom du ikkje har Skysskort får du ut eit  Skyss minikort. EnkeltSkyss (innanfor Sone Bergen) må nyttast innan 90 minutt etter kjøp på billettautomat. EnkeltSkyss utanfor Sone Bergen må aktiverast ved bruk.

  • Kjøpe FleksiSkyss
    Du treng eit Skysskort (personleg eller anonymt) for å kunne kjøpe FleksiSkyss.

  • Kjøpe DagSkyss Sone Bergen
    DagSkyss kan leggast på Skysskortet ditt (både anonymt og personleg). Dersom du ikkje har Skysskort får du ut eit minikort. DagSkyss Sone Bergen er gyldig i 24 timar frå første gongs bruk (ikkje på nattavgangar)

  • Kjøpe og fornye PeriodeSkyss (7 og 30 dagar) på personleg Skysskort. Er du student eller honnør under 67 år, kan du endre kategori etter du har valt PeriodeSkyss.

  • Fornye UngdomSkyss

  • Fylle på KontantSkyss på Skysskortet ditt


Dette kan du betale med:

  • Bankkort (BankAxept, Visa og Mastercard)
  • KontantSkyss (Skysskortet)
  • Mynter (ikkje setlar)
 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177