Vallaviktunnelen blir opna igjen for trafikk måndag 23. november. Fyrste dagen blir gjennomført med kolonnekjøring. Dette vil kunne resultere i opptil 30 minutt ventetid. Rutebussar til/frå Ulvik på linje 945 vil derfor gå via Espelandsdalen denne dagen. Ordinære bussruter via Vallaviktunnelen får oppstart tysdag 24. november.