Trygt heim er eit nattbusstilbod i distrikta for ungdom i alderen 16–24 år. På bussen er det plassgaranti for unge i denne aldersgruppa, men også andre kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.Her finn du Trygt heim-ruter:Bømlo/Stord- Leirvik-Svortland-Langevåg- Leirvik-Moster- Svortland-Moster- Svortland-Langevåg
Kvinnherad- Rosendal-Husnes-Utåker (linje 760) - Utåker-Husnes-Rosendal-Løfallstrand (linje 760)
Voss/Granvin/Ulvik- Voss stasjon-Granvin (linje 925)- Voss stasjon-Vinje-Stalheim (linje 950/964)- Voss stasjon-Granvin-Ulvik-Hjeltnes (linje 945)- Holbergplass-Bolstadøyri (linje 950)- Voss stasjon-Dalsleitet (linje 951)Det blir også sett opp ekstraruter i samband med arrangement for ungdom.
Trygt heim-rutene blir kjørt av lokale transportørar på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune. Dei brukar både bussar, maksitaxiar og ordinære taxiar. UngdomSkyss kan nyttast på alle transportmidlane. For personar under 25 år er prisen kr. 50,- for dei som ikkje har UngdomSkyss. Vanleg nattakst gjeld på bussane for dei som er over 25 år. På maxitexiar og ordinære taxiar er prisen kr 70,- for dei over 25 år uansett reisestrekning. Det er gratis overgang frå/til Trygt heim-rutene. Rutene følgjer dei ordinære busstraseane og stoppar bare på stoppestadene.
Trygt heim i Voss er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Funksjonshemma kan bli henta og brakt inntil 3 km frå rutetraseane.
For andre nattbusser, sjå her Send gjerne ris, ros eller tips til betring av Trygt heim-tilbodet her
Skyss | 177