Universell utforming vil sei tilpassingar som gjer at alle i så stor grad som muleg skal kunne ta seg fram frå eit stad til eit anna på eigenhand. Dette gjeld til dømes for eldre, personar med barnevogn, rullestolbrukarar, gravide og blinde/svaksynte. Universell utforming av kollektivtilbodet betyr at busser, båtar, haldeplassar og salskontor må planleggast og tilretteleggast på best muleg måte.
Oppgraderingar
Til oppgradering av knutepunkt, terminalar og stoppestader i stamvegnettet er det satt av ein milliard kroner i Nasjonal transportplan 2010-2019. 1500 av i alt 6500 stoppestader på vegnettet vil bli oppgradert til ønska standard i denne perioden. Ein legg opp til å prioritere dei passasjertunge stoppestadene først. Også om lag 100 kollektivknutepunkt skal oppgraderast til ønska standard.
I arbeidet med å utvikle fylkesvegnettet i Hordaland i perioden 2010-2019, vil det vere sterk fokus på å leggje til rette for at transportsystemet skal kunne brukast av alle, utan behov for tilpassing eller spesiell tilrettelegging.
Dei lovpålagte krava inneber ikkje bare at all ny infrastruktur skal utformast etter prinsippet om universell utforming. Det er omfattande behov for oppgradering av eksisterande infrastruktur, til dømes haldeplassar og kollektivknutepunkt. Universell utforming vil vere ein integrert del av alle planar for oppgradering og bygging av infrastruktur som blir planlagt og bygd i Statens vegvesen sin regi.
I samband med konkurranseutsetting av kollektivtrafikken i Hordaland blir det stilt krav om at det materiellet som blir nytta skal vere universelt utforma.