Reisegaranti

Reisegarantien forpliktar oss til å gjere vårt beste for at du kjem fram i rett tid. Dersom du klagar, skal vi gjere det vi kan for å lære av feila våre slik at det ikkje skjer igjen.

Dersom det likevel skulle oppstå forseinkingar eller annan svikt i kollektivtilbodet, vil vi:

  • gje deg best muleg informasjon om kva som skjer
  • så tidleg som muleg gi deg informasjon om alternativ transport/reisevegar
  • i den grad det er praktisk muleg, setje opp alternativ transport

 
Dersom vi ikkje kan by deg alternativ transport, og dersom du blir meir enn 20 minutt for sein, vil vi refundere dei dokumenterte utlegga dine til drosje (og/eller eigen bil eller annan alternativ transport) etter følgjande satsar:

  • reiser under 1 time: inntil kr 500
  • reiser mellom 1 og 3 timar: inntil kr 750
  • reiser over 3 timar: inntil kr 1000

På reiser over 3 timar, der forseinkinga gjer at du ikkje når fram dit du skal før dagen etter, vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting.

For at du skal kunne gjere kravet ditt gjeldande, må du fylle ut og sende oss eit reisegarantiskjema eller kontakte oss skriftleg seinast 1 månad etter hendinga. Vi vil svare på brevet ditt så raskt som muleg og seinast 4 veker frå vi har fått skjemaet.

Klikk her for reisegarantiskjema


Reisegarantien gjeld på alle dei ordinære rutene våre med buss og bane i Hordaland. Garantien gjeld ikkje andre delar av kollektivtilbodet som ikkje er ein del av tilbodet vårt i Hordaland.

Når gjeld reisegarantien?

Hovudregelen er at reisegarantien alltid gjeld. Dersom avviket er annonsert på førehand, eller du veit eller burde vite at årsaka til forseinkinga ikkje ligg hos Skyss, kan vi ikkje tilby refusjon.


Reisegarantien gjeld ikkje dersom forhold utanfor Skyss sin kontroll har skylda for forseinkinga eller innstillinga, slik som ekstraordinære vêrforhold eller naturhendingar, problem med kjørevegen som ein ikkje visste om eller andre trafikale forhold, offentlege påbod og forbod, streik og lockout etc. Garantien omfattar heller ikkje følgjeskader av forseinkinga, f.eks. at du ikkje rekk ein tannlegetime, ei forretningsavtale eller ein flyavgang.

Reisegarantien er ei nasjonal ordning som er utarbeidd av kollektivtrafikkforeningen og Transportbedriftenes Landsforening.


Kundeløfte

Vårt kundeløfte består av følgjande 11 punkt som til saman beskriv kva du kan forvente av oss:
  • Vi kjører når vi har sagt at vi skal kjøre
    – alle avgangane i ruteheftet eller i annan ruteinformasjon skal kjørast dersom ikkje anna er kunngjort

  • Vi kjører ikkje for tidleg

  • Du skal vite kvar vi kjører
    – bussen skal vere skilta med endestopp og/eller stad for ombordstiging

  • Du skal få informasjon om bord
    – alle bussar skal vere utstyrte med oppdaterte tidtabellar etc.

  • Du skal få svar når du spør
    – sjåføren skal kunne gje deg nødvendig informasjon om relevante rutetider, takstar og takstreglar for eiga og for korresponderande ruter

  • Du skal få beskjed når ikkje alt er som det skal vere
    – ved driftsavvik skal det informerast over høgttalaranlegget i bussen (straks og med jamne mellomrom)
    – om nødvendig vil vi prøve å setje opp alternative transportmiddel

  • Det skal vere reint og triveleg på bussen

  • Du skal få svar når du skriv til oss
  • – innan ti verkedagar sender vi deg skriftleg svar

  • Vi skal høre på deg – og lære av deg
    – alt du fortel oss personleg og via marknadsundersøkingar, skal vere med på å heve kvaliteten på tenestene våre

  • Vi skal gjere vårt beste for å unngå forseinkingar

  • Vi dekker drosjeutgifter ved forseinking

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 

Skyss | 177