Praktisk informasjon

Gje tydeleg teikn

Hugs å gje teikn med handa til bussjåføren når du står på stoppestaden. Då oppfattar bussjåføren at du ønskjer å vere med bussen. I tillegg er det lurt å ha kort eller pengar klar.

 
Barn på bussen

Vi anbefaler å følgje Barneombodet sitt råd når barn skal reise aleine. Hugs at det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende aleine med bussen. Råda frå Barneombodet finn du på www.barneombudet.no.

Bagasje og anna som skal med på bussen

Reisande kan fritt ta med handbagasje med samla vekt på inntil 20 kg for kvar billett. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje sjenerer dei reisande eller hindrar på- og avstiging. Å ta med hund på bussen kostar det same som ein barnebillett, men maksimalt 40 kr. Førarhundar eller tenestehund reiser gratis. Det er også gratis å ta med barnevogn, rullestol, ski og liknande dersom det er ledig plass.

Ved overgan til NOR-WAY Bussekspree gjeld eigne reglar. Les meir på www.nor-way.no

Sykkel med på bussen

Syklar som kan demonterast eller leggast saman kan tas med  i bagasjerom. Andre syklar tas bare med på bussar med egna plassering, dersom det er ledig plass og sjåføren finner det forsvarleg. Sykkel med på buss vil koste det same som ein barnebillett, men maksimalt 40,- kroner.

Tryggleik

Skyss prioriterer tryggleik høgt og ber deg derfor ta omsyn til følgjande råd:

• Bruk setebelte (påbydd) 
• Hald barn i handa når dei skal av og på bussen
• Set på bremsene på barnevogna (gjeld også rullator og rullestolar)
• Hald fast i lause gjenstandar (berepose, ryggsekk eller liknande)
• Bruk refleks i den mørke årstida
• Ikkje gå over vegen før bussen har kjørt

Skyss ønskjer deg ein god tur!

 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 

Skyss | 177