Godkjent av Samferdselsdepartementet 16.06.2010 med heimel i yrkestransportlova § 33 og jernbaneloven §§ 7 og 7a.
Kap. 1 – Reisande
§ 1 Kven gjeld vilkåra for
Transportvilkåra gjeld som avtale mellom Hordaland Fylkeskommune v/ Skyss og kvar enkelt reisande. Alle som ferdast med buss eller bane som vert operert på kontrakt for Hordaland Fylkeskommune v/ Skyss, vert rekna som reisande. Transportvilkåra gjeld også for alle som oppheld seg på tilhøyrande terminalar/stoppestader og stasjonsområde.
§ 2 På- og avstiging/ferdsel på stasjonsområde
2a) For buss: Dersom styresmaktene har fastsett stoppestader, skal på- og avstiging gå føre seg på desse. Dersom det er tryggingsmessig forsvarleg og i tråd med trafikkreglane, kan bussane unntaksvis også stoppe utanom dei faste stoppestadene.
2b) For Bybanen: På- eller avstiging er ikkje tillate mens banen er i fart eller har ein kort stopp utanfor stasjon, ved eit kryssingsspor, ventar på signal eller liknande. Det er heller ikkje tillate å opne utgangsdørene mens banen er i fart eller når banen stoppar utanfor stasjon. Det er forbode å ferdast i togsporet og å krysse spora på stader som ikkje er berekna på publikum. Det er også forbode å ferdast med rullebrett og rulleskøytar på stasjonsområda.
Kap. 2 - Reisebevis og kontroll
§ 3 Reisebevis
Rett til transport får ein ved kjøp av reiseprodukt i samsvar med gjeldande takstregulativ og prisliste. På buss skal reiseprodukt løysast og validerast/framvisast ved påstiging dersom det ikkje er avtalt særskilt ordning for betaling. For Bybanen skal reiseprodukt løysast før påstiging og validerast ved påstiging. Den reisande må sjølv kontrollere at han/ho har fått rett reisebevis og vekslepengar. Eventuell klage på reisebevis eller veksling må skje straks.
Reisebevis skal oppbevarast under heile reisa og skal visast til føraren eller kontrolløren på førespurnad. Den reisande sitt ansvar for å ha gyldig reisebevis fell bort dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogleg å skaffe seg gyldig reiseprodukt. Kva som er gyldig reisebevis går fram av gjeldande takst- og produktreglar.
§ 4 Kontroll av reisebevis og tilleggsavgift
Billettkontrolløren har rett til å kontrollere reisebevis. Kontrollen kan utførast av både uniformert og sivilt personale. Kontrollpersonale skal legitimere seg uoppmoda.
Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig reisebevis, skal betala ein tilleggsavgift på kr 750. Tilleggsavgift kan og krevjast av mindreårige som har fylt 15 år.
Tilleggsavgifta kan betalast med bankkort (Bankaxept, Visa/Mastercard/Diners) eller med kontanter. Dersom tilleggsavgifta vert betalt, kan den reisande halde fram reisa. Reisande som ikkje betalar tilleggsavgifta på staden, har ikkje rett til å halde fram reisa og skal ileggast eit administrasjonsgebyr på kr. 100 i tillegg. Reisande som nektar å betale tilleggsavgifta, kan meldast til politiet, jf. straffeloven § 403.
Reisebevis som vert misbrukt eller som den reisande prøver å misbruke, vil bli sperra og kan trekkast inn av førar eller kontrollør mot kvittering. Forfalsking av reiseprodukt medfører eit gebyr på kr 1500, og eventuell melding til politiet for dokumentforfalsking.
§ 5 Tilleggsavgift – utsett betaling
Reisande som ved kontroll ikkje framviser gyldig reisebevis, og som heller ikkje betalar tilleggsavgifta på staden, skal oppgje korrekt namn, adresse og fødselsdato og vente på verifisering av identitetsopplysningane slik at Hordaland Fylkeskommune v/ Skyss seinare kan inndrive tilleggsavgifta.
§ 6 Å halde tilbake reisande utan gyldig reisebevis
Skyss sine kontrollørar kan halde tilbake reisande når vedkomande
• ikkje framviser gyldig reisebevis,
• ikkje betalar tilleggsavgift på staden, og
• ikkje oppgjev korrekt namn, adresse og fødselsdato
Den reisande kan haldast tilbake inntil vedkomande oppgjev korrekt namn, adresse og fødselsdato. Ein kan også halde tilbake den reisande mens opplysningane vedkomande gir, blir verifiserte. Dersom den reisande likevel betalar tilleggsavgift, skal ein ikkje halde han eller ho tilbake lenger. Ein skal heller ikkje halde tilbake reisande dersom dette etter omstenda vil vere eit urimeleg inngrep. Personar under 15 år kan berre haldast tilbake i samråd med politiet.
Kap. 3 - Framferd
§ 7 Framferd
Reisande pliktar å ta omsyn til andre reisande og innrette seg etter vanlege tryggingsreglar. Det er ikkje lov å uroe føraren. Setebelte og anna sikringsutstyr skal nyttast der dette er tilgjengeleg.
Reisande må ikkje plassere seg slik at dei hindrar utsynet til føraren. På transportmiddel med automatiske dører må dei reisande ikkje stå slik at dei hindrar lukking/opning.
Det er farleg og forbode for reisande å opne dører under fart eller å stige på eller av transportmiddel som er i fart, eller som stoppar tilfeldig utanfor stoppestader/stasjonar.
§ 8 Røyking og rusmiddel
Røyking og inntak av alkoholhaldige drikkevarer eller andre rusmiddel er forbode på transportmiddel. Brot på denne regelen fører til bortvisning frå transportmiddel.
§ 9 Uro
Førar eller anna betjening kan nekte å ta med reisande som er synleg påverka av rusmiddel, eller som på anna vis oppfører seg på ein måte som kan medkome ulempe eller ubehag for dei andre reisande. Reisande som opptrer usømmeleg, eller som på anna vis sjenerer dei andre reisande, kan visast bort frå transportmiddel og terminal/haldeplass/stasjonsområde.
§ 10 Ansvarsreglar for den reisande
Skade som den reisande påfører transportmiddel eller innreiing, skal erstattast etter vanlege erstatningsreglar.
Kap. 4 - Reisegods
§ 11 Handbagasje
Kvar reisande kan fritt ta med lett handterlege gjenstandar (handbagasje) inntil 20 kg. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje sjenerer dei reisande eller hindrar på- og avstiging. Brannfarlege og eksplosive stoff og anna bagasje som anten inneberer ein tryggleiksrisiko eller sjenerar dei reisande, kan ein ikkje ta med inn på transportmiddelet. Våpen kan takast med etter gjeldande reglar i våpenloven.
§ 12 Barnevogner og syklar
Barnevogner kan takast med i den grad det er plass, og skal plasserast slik skilt, førar eller anna betjening viser.
Syklar kan berre takast med så langt plassen rekk og det fremstår som forsvarleg. Syklar som kan demonterast eller leggjast saman, kan eventuelt leggjast i bagasjerommet. Det er i alle tilfeller transportørs personale som avgjer om det er plass.
§ 13 Dyr
Transportmiddelet har ikkje plikt til å ta med levande dyr utanom førarhund og politihund. Dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande kan dyret takast med. Dyr skal sikrast i band eller bur under transporten og må ikkje hindre fri passasje. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under transporten.
§ 14 Vederlag for reisegods
Gjeldande takst- og produktreglar fastset kva reisegods den reisande må betale for.
§ 15 Ansvar og erstatning for tap av eller skade på reisegods
Alle gjenstandar og dyr som tas med er den reisandes ansvar. Ski, barnevogner og liknande må holdast eller plasserast slik at dei ikkje kan falle over ende.
Transportøren er ikkje ansvarleg for tap av eller skade på barnevogner og gjenstandar som vert tekne med som handbagasje etter § 11, med mindre det kan påvisast aktløyse frå betjeninga si side. Elles vert Transportøren sitt ansvar i forhold til bussreisar regulert av bilansvarsloven av 3. februar 1961 og jernbaneansvarsloven av 10. juni 1977 nr 73 kva gjeld Bybanen.
Den som vil krevje erstatning for tap av eller skade på reisegods, må gjere dette innan rimeleg tid.
§ 16 Hittegods
Attgløymde saker i bussen eller på banen skal snarast mogleg leverast til personalet. Hittegods vert oppbevart av transportøren eller Skyss i tre månader. Dersom eigaren ikkje melder seg i løpet av denne tida, kan transportøren eller Skyss selje gjenstandane og sjølv bestemme korleis inntektene skal disponerast.
Kap. 5 - Ansvar og erstatning
§ 17 Skyss sitt ansvar ved forseinkingar og innstillingar
Skyss skal så langt det er mogleg informere passasjerane om innstillingar, forseinkingar og anna som hindrar drifta.
Dersom ei rute er forseinka eller vert innstilt eller avbroten undervegs, skal transportør ut frå føresetnadene i det aktuelle tilfellet sørgje for alternativ transport innan rimeleg tid. Kva som er å sjå på som ”innan rimeleg tid”, må vurderast i kvart enkelt tilfelle.
Dersom alternativ transport ikkje finn stad eller ikkje har funne stad innan rimeleg tid, og årsaka til forseinkinga eller innstillinga var innanfor Skyss sin kontroll, har den reisande krav på å få dekt utgifter til alternativ transport etter følgjande satsar:
• reiser under 1 time: inntil kr 500
• reiser mellom 1 og 3 timar: inntil kr 750
• reiser over 3 timar: inntil kr 1000
På reiser over 3 timar, der forseinkinga gjer at du ikkje når fram dit du skal før dagen etter, vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting.
Kap. 6 - Klager
§ 18 Klager
Eventuelle klager på Skyss, bussoperatør, betjening eller avvikling av ruta må rettast til Skyss. Dette gjeld også klager på mottatt tilleggsavgift og inndregne reisebevis i samsvar med § 4.
Den reisande kan kontakte Skyss anten via kontaktskjema på Skyss si heimeside eller per post til adressa Postboks 7900, 5020 Bergen.