Oblatordninga

Dersom du har PeriodeSkyss kan du parkere gratis på Nesttun, ved Oasen, ved Åsane terminal og i Os. Som bevis på at du har gyldig PeriodeSkyss treng du ein oblat i frontruta på bilen din. Oblatordninga gjeld måndag til fredag mellom kl 08.00-16.00 (06.00-18.00 på Os), ikkje helgedagar. Elles er parkeringsplassane open for alle. Maksimal parkeringstid er 20 timar.

Du kan hente oblat følgjande stader:

  • Skyss kundesenter på Bergen Storsenter
  • Informasjonen inne på Åsane Storsenter
  • Statoil Åsane, like ved Åsane terminal
  • Informasjonen inne på Oasen kjøpesenter
  • Meny Nesttun
  • Statoil Nesttun, like ved parkeringshuset
  • Rema 1000 Kuven stasjon i Os

Slik går du fram:

1. Skaff deg parkeringsoblaten hos ein av våre utgjevarar. Oblaten er gratis, men du må vise Skysskortet med gyldig aktiveringskvittering for PeriodeSkyss (påført utløpsdato) for å få oblat. Oblaten kan brukast på alle dei tilrettelagte parkeringsplassane.

2. Legg parkeringsoblaten synleg i frontruta på bilen. Oblaten er personleg og kan brukast uavhengig av kva for ein bil du kjører.

3. Når ditt PeriodeSkyss er gått ut på dato, må du først fornye og aktivere PeriodeSkyss før du kan hente ut ny oblat hos ein av våre utgivarar. Du vil få tre ekstra dagar på oblaten slik at du skal få tid til å fornye PeriodeSkyss først. Bare eigar av PeriodeSkyss kan få utstedt parkeringsoblat.



      NB: Vi har ingen restriksjonar på oblatane, men vi har ikkje plassgaranti. Her gjeld førstemann til mølla-prinsippet.

      Security Park utfører parkeringskontrollar på vegne av Skyss.
       

      Reiseplanleggar

      Frå:
      Til:
      Dato:
      Klikk for å velge dato 
      Tid:
       
       
      Skyss | 177