Bybanen i Bergen er eit offentleg kollektivtilbod som har vore i bruk sidan 22. juni 2010. Banen byggjer på dei mange positive erfaringane med liknande transportsystem dei tre siste tiåra i Europa, Afrika, Asia og Nord-Amerika.
Avgjersla om å byggje ein bybane blei tatt av Bergen byråd i 2000. Det fyrste byggetrinnet med ei lengd på 9,8 km og 15 stoppestader går no frå Bergen sentrum (Byparken) til Nesttun sentrum.
Andre byggetrinn starta i 2011 med forlenging til Lagunen. Denne delen er cirka 3,6 km og vil gi Bybanen fem nye stoppestader. Ein reknar med å kunne opne denne seksjonen i 2013.
Eit tredje byggetrinn er under planlegging. Den sju kilometer lange seksjonen vil fullføre linja frå Bergen sentrum til Bergen Lufthavn, Flesland, og får sju nye stoppestader. Med denne seksjonen får banen også ein ny verkstad. Ytterlegare utbygging til område nord og vest for byen er under planlegging.
Bybanen nyttar vogner frå Variobahn. Desse er levert av Stadler Pankow GmbH i Berlin, Tyskland. Vognene er toretningsvogner, 32 meter lange og har plass til cirka 220 personar (84 sete). Golvet er lågt slik at inngangspartia har ei høgd på berre 30 cm. Maks fart er 70 km/time. Banen er i drift kvar dag frå 0530 til 0100, med nattruter i helgene.
Skyss er ansvarleg for Bybanen, inkludert leiing av anbodsprosessar, planlegging av rutetabellar, prisar og rabattar, sal og billettar, marknadsføring og informasjon.
Bybanen AS er etablert av Hordaland fylkeskommune og skal stå for leiing, drift og vedlikehald av Bybanen sin infrastruktur samt ta hand om vognflåten.
Bybanen Utbygging er ansvarleg for leiing, design og konstruksjon av godkjent utviding av banen.
Fjord1 Partner opererer Bybanen gjennom kontrakt med Skyss.
