Nye ruter i Nordhordland frå 1. februar

27.01.2010 16:39


Skyss gjennomfører ruteendring frå 1. februar. Det vil mellom anna bli gjort fylgjande endringar:

Lindås

  • Det vert sett inn fleire turar mellom Knarvik – Bergen
  • Samtlege turar til/frå Bergen vert kjørt av 320 linja.
  • Det vert kvarterrutar frå Knarvik i rushtida og halvtimesruter midt på dagen utan bussbyte
  • Endring av rutene på Myking/ Skauge. Ruter på ettermiddag frå Knarvik går om Skauge og Hodneland, den siste går motsatt veg. Det vil bli sett inn tur frå Myking kl 12:25 om Skauge på kvardagar.
  • Linje 301 sine laurdag og søndagsavgangar vert erstatta av med linje 320, som betener Åsane terminal. 
  • Det blir sett inn fleire ruter om Fjellanger
  • Det vert gjennomført traseendring på linje 320. Via Åsane til/frå Bergen utanom rushtida og linje 301 berre i rushtida
  • Nokre endringar av kjøretider.


Radøy

  • Det er lagt til 2 minutt reisetid på linje 320 til/frå Manger pga ny veg i Isdalstø.
  • Betring av tilbodet til/frå Mastrevik over Radøy (Sletta) – Knarvik-Bergen.
  • Skuleruter over Sletta kjører via Nordanger/ Mjøs vegkryss.
  • Linje 326, Mastrevik – Manger utgår som eiga linje. Dei fleste avgangar blir innlemma i andre linjer
  • Laurdag - og søndagstilbodet på linje 321 er lagt inn i linje 320 og 300.


Meland

  • Turar til/frå Meland vil som hovudregel ha omstiging på Flatøy.
  • Sikring av korrespondansane på Flatøy. 
  • Det er lagt inn ein ekstra ekspresstur til Bergen. Om morgonen vil ein få følgjande tilbod:
         Kl 06:04 Skjelanger -  kl 07:35 Bergen
Kl 06:45 Hjertås – kl 07:50 Bergen
Kl 07:00 Hjertås – kl 08:05 Bergen
Kl 07:15 Hjertås – kl 08:20 Bergen

Austrheim / Fedje

  • Betring av tilbodet til/frå Sævrøy - Fedje laurdag og søndag
  • Justering av turane mot ferja på Leirvåg
  • Turane mellom Bergen og Mastrevik er justert ved at nokre går om Austmarka og nokre går om Manger


Masfjorden

  • Ingen endringar


Stoppmønster Knarvik – Åsane linje 301 (rushtidslinje månd – fred)

  • På- og avstiging på alle haldeplassar

Stoppmønster Knarvik - Åsane - Bergen linje 320 og 341

  • Til Bergen - siste haldeplass for påstiging er Klauvaneset, avstiging alle haldeplassar. 
  • Frå Bergen -  ingen avstiging før Klauvaneset, påstiging alle haldeplassar

 

Sjå dei nye rutene her

Sjå oppdatet linjekart her
 

Fleire aktuelle saker
 

Reiseplanleggar

NB: Gjeld foreløpig ikkje Bergen og omegn
Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 

Skyss kundesenter, tlf. 177