Reiseprodukt og rabattar

Du kan fylle på Skysskortet på billettautomatar, hos sjåfør, på utsalsstader eller på kundesenteret på Bergen Storsenter. Du kan framleis kjøpe enkeltbillettar hos sjåfør utan Skysskortet.

Klikk på lenkene under for meir informasjon:



Klikk her for prisar for PeriodeSkyss

Med PeriodeSkyss kan du reise så mykje du vil på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område. PeriodeSkyss er bare gyldig på eit personleg Skysskort, og gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå første gong produktet blir brukt/aktivert. Du må aktivere PeriodeSkyss innan 30 dagar etter kjøpsdato.

For vaksen
Gjeld personar frå fylte 16 år.

For barn
PeriodeSkyss for barn gir 50 % rabatt på ordinær pris vaksen. Gjeld for barn frå 4 år og opp til og med 15 år.

For honnørreisande
PeriodeSkyss for honnørreisande gir 50 % rabatt på ordinær pris vaksen og gjeld personar over 67 år, blinde, døvblinde og uføre som har uførepensjon. Gyldig tilleggsbevis må medbringast

For studentar
PeriodeSkyss for studentar/elevar/lærlingar til og med 32 år gir 40 % rabatt på ordinær pris vaksen, runda opp til næraste 5-kroner. Gjeld for heiltidsstudentar ved universitet og høgskolar, elevar ved vidaregåande skolar, lærlingar og lærekandidatar, fagskuleelevar og vaksenopplæringselevar. Gyldig tilleggsbevis må medbringast.


Med PeriodeSkyss buss/tog kan du reise så mykje du vil med buss/Bybanen på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område og NSB lokaltog (Bergen-Voss). Du kan sjølv velje om du vil ta buss eller tog på strekningar kor det er muleg.

Produktet er bare gyldig på eit personleg Skysskort og gjeld i 30 dagar frå første gong produktet blir brukt/aktivert.

For vaksne
Gjeld personar frå fylte 16 år.

For barn
Barn frå 4 t.o.m. 15 år får 50 % rabatt på ordinær pris vaksen.

For student
Studentar/elevar/lærlingar til og med 32 år får 40 % rabatt på ordinær pris vaksen. Gjeld for heiltidsstudentar ved universitet og høgskular, elevar ved vidaregåande skole, lærlingar og lærekandidatar, fagskuleelevar og vaksenopplæringselevar. Gyldig tilleggsbevis må medbringast.
  

NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framvising på reiser med NSB Lokaltog.



Klikk her for pris for UngdomSkyss

Med UngdomSkyss kan du reise så mykje du vil i heile Hordaland i 30 dagar på følgjande transportmiddel:

Buss/Bybanen:

  • Alle ordinære bussruter i Hordaland og Bybanen i Bergen, unnateke nattavgangar og Flybussen.

  • Kystbussen frå/til Haugesund (ved reiser mellom Bergen – Halhjem må lokalbuss benyttes, ikke Kystbussen) 

  • Ekspressbussrutene mot Sogn og Fjordane frå/til fylkesgrensa.

  • Haukeliekspressen frå/til fylkesgrensa.

  • Trygt heim-rutene

Båt:

  • Alle snøggbåtrutene i Hordaland inkludert Flaggruten og Snarveien, men unnateke strekninga Bergen-Lygra-Fonnes/Vardetangen.

  • Alle lokalbåtrutene i Hordaland.

Ferje:

  • Alle ferjerutene i Hordaland inkludert sambanda Breistein-Valestrandsfossen og Masfjordnes-Duesundøy.

Tog:

  • Alle lokaltogrutene i Hordaland.


Du må ha eit personleg Skysskort og vere mellom 16 og til og med 19 år for å få UngdomSkyss. UngdomSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato og gjeld i 30 dagar frå første gong produktet blir brukt/aktivert.
Ved kontroll må du vise fram gyldig legitimasjon. 

Dersom du er elev i den vidaregåande skole men ikkje er fylt 16 år kan, du likevel kjøpe UngdomSkyss. Du må dokumentere gjennom inntaksbeviset at du er elev i den vidaregåande skolen på utsalsstad eller hos sjåfør.

NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framvising på reiser med NSB Lokaltog, ferjer, snøggbåt og ekspressbussar.



Klikk her for prisar for FleksiSkyss

Med FleksiSkyss får du 12 enkeltreiser til 23 % rabatt på ein bestemt strekning eller innanfor eit område. Barn og honnørreisande får 10 enkeltreiser til 50 % rabatt på ordinær pris.

FleksiSkyss er gyldig på både anonymt og personleg Skysskort. FleksiSkyss må aktiverast for kvar reise på kortlesaren om bord og kan bare nyttast av ein person om gongen. FleksiSkyss er gyldig i eitt år frå første gong produktet blir brukt. Du får ikkje refundert unytta reiser dersom produktet er gått ut på dato.

For vaksen:
Få 12 reiser til 23 % rabatt på ordinær pris vaksen.

For barn/honnør:
Få 10 reiser med 50 % rabatt på ordinær pris vaksen.


Overgang
Ved overgang registrere du Skysskortet på kortlesaren om bord.

Overgangstida i Hordaland er 1 time med tillegg på 10 minuttar for kvar sone. I Sone Bergen er overgangstida 90 minuttar.


Med DagSkyss kan du reise så mykje du vil innanfor Sone Bergen i 24 timar frå første gong produktet blir brukt/aktivert.

DagSkyss er gyldig på både anonymt og personleg Skysskort. I tillegg kan du få produktet på Skyss minikort på vårt kundesenteret på Bergen Storsenter (ikkje hos sjåfør utan Skysskort).

DagSkyss gjeld ikkje på ruter med nattakst og det er lik pris for alle (ingen rabattordningar).



Klikk her for prisar for EnkeltSkyss

EnkeltSkyss er ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område. Du kan kjøpe EnkeltSkyss på billettautomat eller hos sjåfør.

For vaksne
Gjeld personar frå fylte 16 år. Dersom tre eller fleire reiser saman, kan ein få grupperabatt.

For barn
Barn frå 4 år og opp til og med 15 år får 50 % rabatt på ordinær pris vaksen. Barn under 4 år reiser gratis.

For honnørreisande
Honnørreisande får 50 % rabatt på ordinær pris vaksen og gjeld personar over 67 år, uføre som har uførepensjon, blinde, ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett. Gyldig tilleggsbevis må medbringast.

For studentar
Studentar/elevar/lærlingar til og med 32 år som reiser gjennom minst 7 soner får 23 % rabatt på ordinær pris vaksen og gjeld for heiltidsstudentar ved universitet og høgskolar, elevar ved vidaregåande skolar, lærlingar og lærekandidatar, fagskuleelevar og vaksenopplæringselevar. Gyldig tilleggsbevis må medbringast.

For militære
Vernepliktig mannskap og sivile tenestepliktige får 50 % rabatt på ordinær pris vaksen. Lågaste takst er lik ordinær takst for 2 soner. Gyldig tilleggsbevis må medbringast.

For familiar
Ein vaksen eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med seg eitt barn (frå 4 t.o.m. 15 år) gratis. Barn under 4 år reiser gratis.

For grupper
Ei gruppe er når tre eller fleire reiser saman. Vaksne i gruppa får 23 % rabatt på ordinær pris vaksen. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt.
Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.

For hund og sykkel
Hund og sykkel med på bussen kostar det same som EnkeltSkyss barn, men maksimalt kr 40,-.

Overgang
Ved overgang registrerer du Skysskortet/Skyss minikort på kortlesaren om bord eller viser gyldig papirbillett til sjåfør. Overgang gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise.

Overgangstida i Hordaland er på 1 time med tillegg på 10 minuttar for kvar sone. For Sone Bergen er overgangstida på 90 minuttar.

Overgang til/frå Flybussen
Dersom du reisar med ordinær rutebuss og skal ta overgang til Flybussen får du eit fast avslag på kr 20,- for vaksne og kr 10,- for barn. Mellom Fjøsanger/Fyllingsdalen og Bergen sentrum får du eit avslag på kr 10,-.

Dersom du reisar med Flybussen og skal vidare med ordinær rutebuss varierer avslaget mellom kr 7,- og kr 20,- avhengig av kor langt du skal reise.


KontantSkyss er ein "konto" på Skysskortet ditt som gir 23 % rabatt på ordinær pris for EnkeltSkyss vaksen. Innskot på KontantSkyss er minimum 200,-, maksimum totalverdi er 1500,-.

Du kan betale alle reiseprodukt med KontantSkyss, men du får ikkje ytterligare rabatt på produkt som allereie er rabatterte.

Du kan nytte KontantSkyss som betalingsmiddel óg for andre reisande. Dette gjeld både for anonyme og personlege Skysskort, men dersom du nyttar eit personleg Skysskort må du vere med på reisa.

Du kan registrere den mest brukte reisa di som Favoritt på Skysskortet ditt. Då vil beløpet for reisa bli trekt automatisk frå KontantSkyss når du registrerer kortet på kortlesaren om bord. Dersom du skal reise ei anna strekning enn Favoritt må du gå på billettautomat eller til sjåfør som vanleg. Les meir om Favoritt under.

 

 


Dersom du brukar KontantSkyss som betalingsmiddel, kan du registrere den mest brukte reisa di (Sone Bergen eller strekning) som Favoritt på Skysskortet ditt. Med Favoritt kan du bruke bakre inngang på bussen eller gå rett om bord på Bybanen.

Slik gjer du det på billettautomatane:

  • Registrer Skysskortet ditt på billettautomaten

  • Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)

  • Kjøp ein EnkeltSkyss og trykk “Ja” på spørsmålet om strekninga skal leggjast til som Favoritt

  • Registrer Skysskortet ditt på kortlesaren om bord.

  • Neste gong du reiser blir beløpet trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren viser eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.


Slik gjer du det på bussen:

  • Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)

  • Kjøp ein EnkeltSkyss for sona eller strekninga du ønskjer, og be sjåfør registrere reisa som Favoritt på Skysskortet ditt

  • Neste gong du reiser, kan du bruke bakre inngang og registrere Skysskortet på kortlesaren. Beløpet for reisa blir trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.

Slik endrar du Favoritt

På billettautomaten:

  • Registrer Skysskortet på automaten

  • Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Registrer Skysskortet på automaten på nytt

  • Trykk på ”Mitt kort” (øvst til høgre)

  • Trykk på ”Favoritt” og vel den reisa du ønskjer

På bussen:

  • Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt

  • Be sjåfør registrere reisa som din nye Favoritt på Skysskortet ditt


Dersom du skal reise ei anna strekning enn Favoritt må du gå på billettautomat eller til sjåfør som vanleg.

Vi anbefaler deg som brukar FleksiSkyss til å bytte til KontantSkyss med Favoritt for ei meir effektiv reise.
 


 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177