REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG BYBANEN I HORDALAND – NYTT BILLETTSYSTEM
Gjeldande frå 01. januar 2012 og inntil vidare
1. GENERELLE REGLAR
Reglementet gjeld for buss og Bybanen i Hordaland med nytt billettsystem. Reglementet gjeld også der transport med ferje er ein del av reisestrekninga.
Rutetraseane i fylket er delt opp i soner, som er definert gjennom fyrste og siste haldeplass i den enkelte sona. Ved takstfastsetjing skal talet på soner frå påstiging til avstiging leggjast til grunn.
Ved reise gjennom sone 110 (Bergen sentrum), skal denne sona ikkje telja med ved takstfastsetjing. Takstar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande taksttabellar. Minstetakst gjeld for inntil to soner.
Det er særlege reglar knytt til takst i Sone Bergen. Sone Bergen gjeld sonene 110-111-114-117-121-142-143. Området omfattar sentrum og bydelane, og vidare Arna til og med Trengereid, Fana og til og med Søfteland i Os, Straume til og med Kolltveittunnelen, og Kleppestø til og med Florvåg og Strusshamn.
Under reisa må gyldig reisebevis alltid kunna framvisast. Reisebevis er gyldig reiseprodukt for tidsperiode og strekning (billett/kort), samt gyldig legitimasjon. Ved reise med rabatterte reiseprodukt må gyldig dokumentasjon for krav på rabatt også kunna framvisast (studentbevis/honnørbevis o.l.).
For nattavgangar gjeld eigne takstar.
2. ENKELTREISER - ENKELTSKYSS
EnkeltSkyss gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område.
2.1 Ordinær pris vaksen
Gjeld personar frå fylte 16 år. Dersom tre eller fleire reiser saman, kan ein få grupperabatt (sjå pt. 2.7).
2.2 Rabatt for barn
Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50% rabatt på ordinær pris. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon.
2.3 Honnørrabatt
Honnørreisande får 50% rabatt på ordinær pris og gjeld:
a) Personar over 67 år
b) Uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd
c) Blinde
d) Ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pt. a), b) og c)
Døvblinde sine reisefylgje reiser gratis. Kvar døvblind kan ta med ein fylgjeperson gratis. Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimera seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syna bevis frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syna bevis frå blindeforbund. Døvblinde syner eige tilleggsbevis.
2.4 Student-/lærling-/elevrabatt
Studentar/lærlingar/elevar t.o.m. 32 år som reiser gjennom minst 7 soner får 23% rabatt på ordinær pris og gjeld for:
a) Heiltidsstudentar ved universitet og høgskular (også i andre fylke)
b) Elevar ved vidaregåande skular
c) Lærlingar og lærekandidatar. Ein lærling er ein som har lærekontrakt med sikte på fagprøve/sveineprøve, og ein lærekandidat er ein som har ein opplæringskontrakt med sikte på mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøve
d) Fagskuleelevar og vaksenopplæringselevar
Gyldig tilleggsbevis for studentar er dokumentasjon for betalt semesteravgift (semesterkort/årsmerke/student-/skulebevis med oblat) frå utdanningsinstitusjonar i Noreg. Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må syne fram internasjonalt studentkort (ISIC-card).
Gyldig tilleggsbevis for lærlingar og lærekandidatane er som fylgjer:
• Personleg ID-kort frå bedrift, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”
• Kopi av lærekontrakt
• Stadfesting frå bedrift om at vedkommande er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato
Gyldig tilleggsbevis for fagskuleelevar og vaksenopplæringselevar er elevkort/studentidentifikasjon med bilde og stempel frå skulen.
Personar som ved kontroll ikkje kan vise gyldig tilleggsbevis må betala gjeldande tilleggstakst.
2.5 Rabatt for vernepliktige og sivile tenestepliktige
Vernepliktig mannskap (fyrstegongsteneste og HV-mannskap) og sivile tenestepliktige får 50% rabatt på ordinær pris. Lågaste takst er lik ordinær takst for 2 soner.
Rabatten gjeld for den tenesteperiode som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis.
2.6 Familierabatt
Ein vaksen eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med seg eitt barn (mellom 4-16 år) gratis. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis.
2.7 Grupperabatt
Ei gruppe er når tre eller fleire reiser saman. Vaksne i gruppa får 23% rabatt på ordinær pris. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande.
Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.
3. SKYSSKORTET
Skysskortet er eit elektronisk reisekort som erstattar alle andre typar kort. Ein kan ha fleire reiseprodukt lagra på kortet, og det finst som både personleg og anonymt kort.
4. REISEPRODUKT
Ein kan ha inntil åtte reiseprodukt lagra elektronisk på Skysskortet.
4.1 PeriodeSkyss – 7 dagar, 30 dagar og 180 dagar
PeriodeSkyss gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område. PeriodeSkyss er berre gyldig på eit personleg Skysskort, og gjeld i 7, 30 eller 180 dagar frå fyrste gong produktet vert brukt/aktivert. PeriodeSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato.
Ved reiser utover dei sonene ein har gyldig PeriodeSkyss for, må ein betala tillegg ut frå prisar for EnkeltSkyss. Lågaste pris er lik pris for EnkeltSkyss for 2 soner, og ein betaler for dei soner ein ikkje har PeriodeSkyss for.
4.1.1 Rabatt for barn
PeriodeSkyss for barn gjev 50% rabatt på ordinær pris vaksen. Gjeld for barn mellom 4 år og opp til fylte 16 år.
4.1.2 Honnørrabatt
PeriodeSkyss for honnørreisande gjev 50% rabatt på ordinær pris vaksen.
For definisjon av honnør, sjå pt. 2.3. Reisande under kategori pt. 2.3. d) har ikkje rett på PeriodeSkyss honnør.
4.1.3 Student-/lærling-/elevrabatt
PeriodeSkyss for studentar, lærlingar og elevar t.o.m. 32 år gjev 40% rabatt på ordinær pris vaksen, runda opp til næraste 5-kroner.
For definisjon av student/lærling, sjå pt. 2.4.
4.2 PeriodeSkyss buss/tog – kombinasjonsreiser
PeriodeSkyss buss/tog gjeld for eit uavgrensa tal reiser med buss/Bybanen og NSB lokaltog (Bergen-Voss) på ei bestemt strekning eller innafor eit bestemt område. PeriodeSkyss buss/tog er berre gyldig på eit personleg Skysskort, og gjeld i 30 dagar frå fyrste gong produktet vert brukt/aktivert. PeriodeSkyss buss/tog tilsvarar det tidlegare kombinasjonskortet (periodekortet for buss og tog).
PeriodeSkyss buss/tog barn betaler 50% av vaksen pris.
4.3 UngdomSkyss
UngdomSkyss er gyldig for personar frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan og kjøpe produktet, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skulen.
Ein må ha personleg Skysskort for å få UngdomSkyss. Ved kontroll må det synast gyldig legitimasjon.
UngdomSkyss er gyldig på buss-, ferje- og snøggbåtrutene i fylket og Bybanen i Bergen, i tillegg til NSB Lokaltog og enkelte kommersielle busstilbod. UngdomSkyss gjeld i 30 dagar frå første gong produktet vert brukt/aktivert. UngdomSkyss må aktiverast innan 30 dagar etter kjøpsdato.
NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering for framvising på reiser med NSB Lokaltog, ferjer og ekspressbussar.
UngdomSkyss gjeld ikkje på ruter med nattakst, bortsett frå på ”Trygt heim”-rutene.
4.4 FleksiSkyss
FleksiSkyss gjeld for fleire enkeltreiser på ein bestemt strekning eller innanfor eit område. FleksiSkyss er gyldig på både anonymt og personleg Skysskort.
FleksiSkyss vaksen gjev 12 reiser til 23 %rabatt på ordinær pris vaksen (EnkeltSkyss)
FleksiSkyss barn/honnør gjev 10 reiser til 50% rabatt på ordinær pris vaksen (EnkeltSkyss).
Produktet er gyldig i eitt år frå fyrste gong produktet vert teke i bruk. Dersom produktet går ut på dato så vert ikkje unytta reiser refundert. FleksiSkyss kan ikkje nyttast av fleire i same reisefylgje.
FleksiSkyss gjeld frå sone til sone eller innanfor Sone Bergen, på same måte som EnkeltSkyss.
4.5 DagSkyss
DagSkyss gjev eit uavgrensa tal reiser innanfor Sone Bergen. DagSkyss er gyldig i 24 timar frå første gong produktet vert brukt/aktivert, men er ikkje gyldig på ruter med nattakst. Det er lik pris for alle, og ingen særskild rabatt for andre grupper (t.d barn/honnør/student/vernep./sivilt.).
5. KONTANTSKYSS
KontantSkyss er eit betalingsmiddel på Skysskortet som gjev 23% rabatt på ordinær pris for EnkeltSkyss. Innskot på KontantSkyss er minimum kr. 200,- og maksimum verdi er kr. 1500,-
Alle reiseprodukt kan betalast med KontantSkyss, men det vert ikkje gjeve ytterligare rabatt på produkt som allereie er rabatterte.
6. NATTAKST
For nattavgangane gjeld eigne takstar.
7. OVERGANG FOR ENKELTSKYSS OG FLEKSISKYSS
Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten. Ved overgang(ar) til ny rute/linje må gyldig billett(ar) framvisast eller elektronisk sjekkast inn. Overgang må finna stad på næraste haldeplass for rute/linje det vert omstege til, eller næraste naturlege knutepunkt.
Overgang gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise. Med returreise meiner ein tilbakereise med same linje eller med andre linjer langs same trasé eller langs tilgrensande trasear som ligg innan naturleg gangavstand frå fyrste busstrasé.
Overgang må finna stad innan 1 time etter at fyrste billett er kjøpt, med tillegg på 10 minuttar for kvar sone det er løyst billett for. Overgangstida innanfor Sone Bergen er 90 minuttar etter at fyrste billett er kjøpt.
7.1 Overgang mellom ulike transportmiddel
Når buss/Bybanen inngår i reisestrekninga før og etter ferje/båt/tog, kan ein for den andre strekninga med buss/Bybanen nytta overgangsordninga. Det vert ikkje gjeve prisreduksjon for ferje-, båt- og togstrekningar. For båtruta Kleppestø – Bergen (Snarveien) gjeld vanlege overgangsreglar.
7.2 Overgang frå Flybussen i Bergen til ordinær rutebuss
Ved overgang frå Flybussen i Bergen til ordinær rutebuss vert det gjeve rabatt på billetten. Gjeld ikkje ved overgang til Bybanen.
8. REFUSJONAR
Reiseprodukt og verdi på anonyme Skysskort vert ikkje erstatta og skal difor ikkje meldast inn.
8.1 Feil på/tapt personleg Skysskort
Ved feil på/tapt kort må ein rette seg til Skyss via www.skyss.no, utsalsstad eller kundesenteret snarast råd for refusjon og bestilling av nytt kort. Nytt Skysskort vert sendt i posten. Refusjon vert gjeve dersom følgjande er oppfylt på det tidspunktet feilen/tapet vert meldt:
• PeriodeSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode
• UngdomSkyss: Meir enn sju dagar igjen av gyldig periode
• FleksiSkyss: Restverdien er over kr 50,-
• KontantSkyss: Restverdien er over kr 50,-
8.2 I sjukdomshøve
Dersom ein grunna sjukdom ikkje kan nytte PeriodeSkyss 30 dagar og 180 dagar, kan refusjonskrav sendast til Skyss.
Refusjon vert gjeve mot legefråsegn, med 1/30 del av prisen per dag PeriodeSkyss ikkje har vore nytta, soframt dette er meir enn 10 dagar. Ein reknar at reiseproduktet har vore i bruk til og med innleveringsdagen.
Krav om refusjon må rettast til Skyss innan 80 dagar frå fyrste sjukedag.
Har ein som fylgje av omstenda, ikkje kunne fremja refusjonskrav innan 80 dagar, kan refusjon likevel ytast mot fullgod legitimasjon for det tal dagar kortet ikkje har vore nytta.
9. SKYSS SKOLEKORT
Skyss skolekortet kan generelt berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skule, av den person det er utstedt til. Skyss skolekort for grunnskulen er gyldig frå kl 05:00 til kl 19:00, og til kl 23:00 for vidaregåande skular. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar og søndagar.
Elevar som misser Skyss skolekortet må dekka reiseutgifter fram til nytt kort er motteke. Reglar for skuleskyss går fram av skuleskyssreglementet. Elevar som nyttar Skyss skolekort må ved kontroll visa gyldig legitimasjon.
10. REISEGODS O.L
10.1 Barnevogner, rullestolar og ski
Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillet det.
10.2 Hund
Førarhund saman med betalande blind, og politihund saman med fullt betalande polititenestemann i uniform vert prioritert og reiser fritt. Elles skal det løysast barnetakst for hund. Maksimaltakst kr. 40,-.
10.3 Syklar
Syklar vert teke med dersom plassen tillet det. For desse vert det rekna barnetakst. Maksimaltakst kr. 40,-.
11. STØRRE ARRANGEMENT
Ved større arrangement kan det seljast tur/retur billettar frå blokk med fastsett pris. Salet skjer av trafikkrettleiar før ombordstigning av buss eller bane. Ingen rabattordningar gjeld, og det må kjøpast tur/retur billett.