Gyldig reisebevis og kontroll
Noko vi ikkje ønskjer å gje.
Noko du ikkje ønskjer å få.
Unngå det unødvendige gebyret på 750 kroner. Sørg derfor for å reise med riktig reiseprodukt, og gyldig dokumentasjon om du har krav på rabatt.
Gyldig reisebevis er følgjande:
- gyldig reiseprodukt (enten på ditt Skysskort, Skyss minikort eller papirbillett frå sjåfør) og
- gyldig legitimasjon (ved bruk av personleg Skysskort) og
- gyldig dokumentasjon for at du har krav på rabatt (studentbevis/honnørbevis etc.) dersom du reiser med rabatterte reiseprodukt
For deg som reiser med UngdomSkyss gjeld gyldig identitetskort, bankkort med bilde eller pass som gyldig legitimasjon.
For deg som er student til og med 32 år er kvittering for betalt semesteravgift (semesterkort/årsmerke/studentbevis med oblat) gyldig dokumentasjon. Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må syne fram internasjonalt studentkort (ISIC-card).
For deg som er lærlingar/lærekandidatane er gyldig dokumentasjon: personleg ID-kort frå bedrift, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”, kopi av lærekontrakt, stadfesting frå bedrift om at vedkommande er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato.
For deg som er honnørreisane over 67 år gjeld legitimasjon som gyldig dokumentasjon. Ektefellen/partnaren får honnørrabatt ved enkeltreisar og må óg vise gyldig legitimasjon. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg vise dokumentasjon frå trygdekontoret. Blinde skal vise dokumentasjon frå blindeforbundet og døvblinde viser eigen dokumentasjon. Kvar døvblind kan ta med ein følgjeperson gratis ved enkeltreiser.
For deg som er vernepliktig eller sivile tenestepliktig gjeld Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID) som gyldig dokumentasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som dokumentasjon.
Du er sjølv ansvarleg for å ha med gyldig reisebevis under heile reisa. Dersom du ikkje kan vise gyldig reisebevis ved kontroll, må du betale ein tilleggstakst på kr 750,-. Forsøk på forfalsking av reisebevis er straffbart. Forfalskingsgebyret er på kr 1500,-. Ugyldig reisebevis må leverast inn.
Kontrollen skal i størst muleg grad bidra til å auke talet på passasjerar som betaler, førebyggje feilsal, rettleie, samt bidra til ei trygg og hyggeleg reise.
Tilleggstaksten er å rekne som eit reisebevis, og gir deg som reisande rett til å reise vidare og nytte deg av overgang etter dei reglane som gjeld.
Meinar du at du urettmessig har fått tilleggstakst, kan du sende ein melding til oss på vårt kontaktskjema.
Klikk her for Transportvedtekter
NB! Hugs å ta vare på aktiveringskvittering (påført gyldig til-dato) for framvising på transportmiddel utan vårt billettsystem (eks. NSB Lokaltog, ferjer og ekspressbussar)