Du kan nytte KontantSkyss som betalingsmiddel for alle reiseprodukt.
Du kan óg registrere den mest brukte reisa di (Sone Bergen eller strekning) som Favoritt på Skysskortet ditt. Med Favoritt kan du bruke bakre inngang på bussen eller gå rett om bord på Bybanen. Då vil beløpet for reisa bli trekt automatisk frå KontantSkyss når du registrerer kortet på kortlesaren om bord.
Slik gjer du det på billettautomatane:
- Registrer Skysskortet ditt på billettautomaten
- Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)
- Kjøp ein EnkeltSkyss og trykk “Ja” på spørsmålet om strekninga skal leggjast til som Favoritt
- Registrer Skysskortet ditt på kortlesaren om bord.
- Neste gong du reiser blir beløpet trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren viser eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.
Slik gjer du det på bussen:
- Fyll på pengar på Skysskortet ditt (KontantSkyss)
- Kjøp ein EnkeltSkyss for sona eller strekninga du ønskjer, og be sjåfør registrere reisa som Favoritt på Skysskortet ditt
- Neste gong du reiser, kan du bruke bakre inngang og registrere Skysskortet på kortlesaren. Beløpet for reisa blir trekt automatisk frå KontantSkyss og kortlesaren visar eit grønt lys og teksten “Gyldig reise”. Restbeløpet for KontantSkyss står på skjermen på kortlesaren.
Slik endrar du Favoritt
På billettautomaten:
- Registrer Skysskortet på automaten
- Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt
- Registrer Skysskortet på automaten på nytt
- Trykk på ”Mitt kort” (øvst til høgre)
- Trykk på ”Favoritt” og vel den reisa du ønskjer
På bussen:
- Kjøp EnkeltSkyss for den reisa du ønskjer skal vere Favoritt
- Be sjåfør registrere reisa som din nye Favoritt på Skysskortet ditt
Dersom du skal reise ei anna strekning enn Favoritt må du gå på billettautomat eller til sjåfør først.
Bruk av KontantSkyss ved enkeltreiser på bussen:
Du kan ikkje nytte sjølvbetent kortlesar i bussen med KontantSkyss når du ikkje har registrert Favoritt. Fortel sjåfør at du har KontantSkyss og kor du skal reise. Deretter held du Skysskortet i ro mot kortlesaren for å betale reisa. Prisen blir då trekt frå KontantSkyss.
Bruk av KontantSkyss ved enkeltreiser på Bybanen:
Hald Skysskortet i ro mot kortlesaren på billettautomaten, vel ”EnkeltSkyss”, og følg instruksjonane på skjermen. Til slutt held du kortet i ro mot kortlesaren for å betale og overføre reisa til kortet. Prisen blir då trekt frå KontantSkyss. Når du går om bord, registrerer du reisa ved å halde Skysskortet i ro mot kortlesaren.
Klikk her for å sjå korleis Kristian bruker KontantSkyss og Favoritt